Hopp til innhold

Orry Larsen slår følgje til United

Nordfjordingen Peter Orry Larsen slår følgje med Even Hovland til Manchester United.

AaFKs Peter Orry Larsen under eliteseriekampen i fotball mellom Aalesund og Lyn

Peter Orry Larsen slår følgje med Even Hovland til storklubben Manchester United.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

I helga kunne Sogndal Fotball fortelje at Even Hovland i dag set seg på flyet til England for å trene ei veke med storklubben Manchester United.

- Heilt uproblematisk

I dag fortel Sunnmørsposten at også Aalesunds Peter Orry Larsen, sit på same flyet. Ifølgje trenar Kjetil Rekdal er det spelarane sin agent Jim Solbakken som har ordna med treningsopphaldet med den engelske tabelltoaren.

- For oss i AaFK er det heilt uproblematisk at spelarar bruker ferien sin til å trene med utanlandske klubbar, seier han til avisa.

Ikkje klubbskifte

Ifølgje Solbakken er det ikkje klubbskifte som er målet for nordfjordingen til dei blåoransje sunnmøringane.

- Målet for Peter er å spele seg til fast plass på AaFK, så får vi ta det der frå, seier han.