Orkla har selt Elkem

Orkla sel Elkem til China National Bluestar Group tolv milliardar kroner.

Elkem Bremanger

SELD: Elkem er selt til kinesarane.

Foto: NRK

Orkla bekrefta i går at selskapet har vore i forhandlingar med kinesiske China National Bluestar om eit sal av kjemikalieselskapet Elkem.

I dag melder nyheitsbyrået NTB at selskapet er selt.

– Viktig med nye eigarar

Bluestar er eit leiande internasjonalt selskap som produserer delar produksjon av fornybar energi.

Salet omhandlar divisjonane Elkem Silicon Materials, Elkem Foundry Products, Elkem Carbon og Elkem Solar.

– Det er viktig å sikre at Elkem får nye eigarar som kan vidareutvikle selskapets potensial og halde kompetanse og ressursar samla. I Bluestar vil Elkem ha ein eigar med solid finansiell kapasitet, seier konsernsjef Bjørn M. Wiggen i Orkla ASA i ei pressemelding.

Elkem er positive

Administrerande direktør i Elkem er positiv til salet av selskapet.

– Eg meiner at samanslåinga med Bluestar vil gje Elkem ein sterk plattform til å fremme selskapets teknologiske førerskap og sikre ei lønnsom utvikling i åra som kjem, seier Aasen.

Video NRKs økonomikommentator Steinar Mediaas om Elkem-salget

NETT-TV: NRKs økonomikommentator Steinar Mediaas om Elkem-salet.