NRK Meny
Normal

Orkanofra knuste staten i retten

Staten nekta familien Kvellestad orkanskadeerstatning fordi «vinden ikkje kan blåse ned moloar». Men no har Sogn og Fjordane tingrett gitt familien siger.

Sølve Kvellestad og Sissel Kvellestad Jensen

VANN FRAM: Far Sølve Kvellestad og dottera Sissel Kvellestad Jensen vann i Fjordane tingrett.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Familien Kvellestad i Naustdal tapte 500 000 kroner på at det mangla nokre få centimeter for å få erstatning etter orkanen Tor. Moloen deira i Førdefjorden fekk store skader.

Orkanen «Tor» i januar 2016 hadde den høgaste målte middelvinden som er målt i Norge, og enorme bølgjer knuste inn mot land.

45 søknadar er kome inn til Naturskadeordninga etter skader som sjøen har gjort på kaier og moloar under orkanen. Men alle fekk avslag fordi staten meiner stormfloa ikkje var høg nok. For Kvellestad sin del skal dei ha mangla 8 cm på floa.

For nokre månadar sidan fortalde Sølve Kvellestad og dottera Sissel Kvelestad Jensen om frustrasjonen etter orkanen «Tor». Dei ville ha med seg fleire på eit søksmål.

No har Fjordane tingrett kome fram til at sjøen i Førdefjorden mest truleg var over grensa for stormflo med "5 års gjentaksintervall".

Molo Kvellestad

REPARERT: Denne moloen i Førdefjorden fekk store skader under orkanen Tor.

Foto: Privat

Naturskadeordninga nytta Kartverket sine tal frå stormen frå ein tidevassmålar i Måløy når dei skulle berekne vasstanden i Naustdal. Fjordane tingrett meiner det blir for langt vekke til å få med seg dei særeigne naturgjevne tilstandane i Førdefjorden. Når vêr og vind står inn frå vest aukar faren for at havnivået veks innover fjorden, meiner ekspertvitner.

Forventar at familien får pengane

Naturskadeordninga er dømt i tingretten til å handsame saka på nytt. NRK har snakka med regjeringsadvokaten som så langt ikkje har kunne kommentere saka. Staten må også betale kostnader i retten på 143 000 kroner.

Advokat til familien, Gunnar Lunde, meiner dommen er så tydeleg at han ventar at Naturskadeordninga no betalar ut pengane som dei har nekta å betale ut. Eit anna spørsmål er om staten vil anke dommen.

– Dersom domen blir rettskraftig må forvaltninga handsame saka på nytt, og ut frå premissane i domen er det rimeleg klart at her må det løyvast erstatning.

Kva kan dette bety for andre i same situasjon når det var 45 som fekk avslag på erstatning?

– Det kjem an på om dei andre som fekk avslag gjekk til tingretten innan fristen etter avslaget.

Lunde meiner det at familien har vunne fram kan gjere at Naturskadeordninga i framtida må ha eit betre system for å sikre rettstryggleiken til dei som har fått skader på moloar og kaier.

Bør Naturskadeordninga likevel gå gjennom avslaga på nytt, sjølv om folk ikkje har anka i tide?

– Naturskadeordninga kan gjere om sine eigne vedtak, men då må det nok kome eit trykk frå veldig høgt hald, frå Stortinget eller regjeringsleiing. Det ser ut som at målesystemet ikkje er godt nok for å seie det kort.

Molo Vingelven

VINGELVEN: Vingelven i Bremanger er ein annan av stadane der folk har blitt nekta erstatning fordi det mangla seks cm på stormfloa.

Foto: Jørgen Eide / NRK
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.