Hopp til innhold

I dag kjem Navarsete og Kleppa til Nordfjord

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete besøkjer i dag Stryn, Hornindal og Gloppen. Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa blir med på delar av turen.

Liv Signe Navarsete

KJEM: Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Foto: Aleksander Andersen / Scanpix

Dei to statsrådane skal mellom anna møte leiinga i kommunane, frivillige og innbyggjarar som vart råka av uveret «Dagmar».

Vil bli orientert

Fleire kommunar var heilt isolerte og utan telefonsamband i fleire dagar uvêret i julehelga. Framleis er fleire bygder utan straum og telefon.

Navarsete seier det no er viktig å ha ein nøye gjennomgang av beredskapen.

– Eg vil sjå og bli orientert om omfanget av dei skadane som stormen har gjort, og sjølvsagt vil eg snakke med både frivillige og kommuneleiinga som har noko å melde i saka. Målet med turen er å sjå og høyre, samt diskutere med kommunane korleis vi tek det vidare, seier Navarsete.

Opprydding kjem først

At naudnettet har vore nede i lengre tid, ønskjer ho ikkje å kommentere konkret.

– Det er ingen tvil om at det har vore ein svært vanskeleg og spesiell situasjon. Vi må setje oss ned og diskutere kva vi kan gjere for å sikre oss betre for framtida, seier Navarsete.

Men først er det opprydding som er første prioritet.

– Vi må få ting i orden slik at dagleglivet kan ta til att. Telenett, straum og vegnett må på plass. Men vi må diskutere beredskap i tida framover, seier Navarsete.

Kan ikkje love noko konkret

– Mange har etterlyst satelitttelefonar i kommunane. Er dette noko du vil finne pengar til?

– Eg kan ikkje love korkje det eine eller det andre på det no. Men eg er kommunalminister, og eg er oppteken av at dei som bur i kommunane skal ha det trygt, seier Navarsete, som peikar på at slike orkanar fort kan bli noko som skjer igjen.

– Dessverre ser det ut til at det blir både fleire, villare og våtare stormar i framtida. Vi må bu oss på at det kan bli endå tøffare i framtida, seier Navarsete.

Navarsetet var sjølv var utan straum i to døgn heime i Lærdal.

Statsministeren kjem over nyttår

Etter at banksjef Arve Sandal i Sparebanken Sogn og Fjordane etterlyste besøk frå statsminister Jens Stoltenberg, var det i går mykje fram og tilbake om kva statministeren eigentleg ville.

Han sa først at det ikkje var aktuelt for han å vitje Sogn og Fjordane, men utpå dagen endra han synspunkt, og konkluderte med at han nok kjem til å vitje Sogn og Fjordane på nyåret.