Orkan langs kysten

Øydeleggingar fleire stader etter uvêret i natt.

Storm på Eid

Store bølgjer slo innover land i Eid sentrum (Foto: Øystein Torheim).

Foto: Øystein Torheim

Langs kysten i Nordfjord og Sunnfjord var det kaos i natt. Laurdag kveld synte vindmålaren på Måløybrua 41 m/s.

I Florø vart vinden målt til 31.9 m/s laurdag kveld, og det er tett opp til orkan.

Politiet har ikkje fått melding om personskade grunna sterk vind og mykje nedbør.

Hengar velta i Eid

Sterk vind velta hengarar i Eid sentrum.
Foto: Øystein Torheim

Store bølgjer slo langt innover Eid sentrum, og resultatet var velta hengarar, sundrivne kalesjar og mykje rot i gatene.

Både i Eid og i Florø har båthamnene fått store øydeleggingar i løpet av natta.

I Måløy vart ei trampoline teken av vinden og eit drivhus slått ned av dei sterke kreftene.

Båtar på rek

Ein skjelbåt slo inn mot brygga, men greidde seg i uvêret.
Foto: Øystein Torheim

Mange båtar sleit seg frå land i løpet av natta, og fleire driv enno midtfjords.

Laurdag kveld fekk politiet melding om ein robåt på rek på Jølstravatnet. Seinare på kvelden kom ein båt rekande inn fjorden til Svelgen.

Søndag morgon fekk politiet melding om endå tre båtar på rek i Svelgen, Skjolden og Stryn.

Naust øydelagt

Eit naust på Raudeberg i Vågsøy på 60-70 kvadratmeter vart teke av vinden og er heilt øydelagt.

På campingplassen i Refvika bles ei lita bru vekk.