Hopp til innhold

Tok eliteserien med storm i 2011 – no er han ferdig i Sogndal

Ørjan Hopen blir ikkje å finne i Sogndal-stallen kommande sesong. 22-åringen har siste to sesongane fått så som så med speletid, og har vore lånt ut til 1. divisjonsklubbar.

Ørjan Hopen jublar over 2-0-scoringa mot Brann.

PÅ KLUBBJAKT: Med unntak av to utlånsperiodar har Ørjan Hopen vore i Sogndal heile fotballkarrieren. No er han på klubbjakt.

Foto: Oddleif Løset / NRK

22-åringen med den kraftfulle og presise venstrefoten fekk sitt store gjennombrot i 2011 med seks scoringar for Sogndal. Same året stod han også fram som speleavhengig.

Året etter fekk Ørjan Hopen talentprisen for april. Sidan har det gått trått for sogndølen. No er han og Sogndal samde om å gå kvar sin veg.

– No har eg vore her i sju-åtte år og trakka i dei same spora. Dessutan har ein alltid godt av litt miljøskifte, nye utfordringar og nye impulsar, seier Hopen til NRK.

– Slik er fotballivet

Kontrakten med Sogndal gjekk ut etter 2014-sesongen. Den andre sesongen på rad han spelte på utlån i ein 1. divisjonsklubb. Totalt vart det 68 kampar og ni mål i Sogndal-trøya sidan A-lagsdebuten mot Ranheim i 2010.

I tillegg vart det totalt 21 kampar og tre scoringar for Nest-Sotra og Bryne. Den endelege avgjerda tok han i desember, saman med hovudtrenar Eirik Bakke.

– Slik er fotballivet. Eg har hatt mange gode stunder her, så eg ser ikkje på dette som noko nederlag. Ein veit heller aldri kva som skjer i fotball. Eg er 22 år og det er forhåpentlegvis framleis tidleg i fotballkarrieren. Tida vil vise om eg kjem attende, seier han.

I Sogndal ut januar

Bakke stadfestar også overfor NRK at Hopen, som har vore sentral på fleire aldersfastlagde landslag, ikkje er med i planane han er i ferd med å leggje for klubben han har teke over.

Eirik Bakke

TRENAR: Eirik Bakke har teke over hovudansvaret i Sogndal, etter at Jonas Olsson gav seg som hovudtrenar.

Foto: NRK

– Vi har hatt ein god dialog med Ørjan, og tykkjer det er greitt at han ynskjer å prøve noko nytt og tek steget vidare, seier han.

Hopen har moglegheit til å trene med Sogndal ut januar.

– Eg har ein agent som pratar med klubbar, så eg konsentrerer meg først og fremst om å trene og å halde meg i form slik at eg er klar når ting skjer, seier Hopen.

– Har du alternativ?

– Det er fleire klubbar på bana, så vi får sjå kva det blir til. Eg kjem ikkje til å stå kontraktlaus når vi kjem til 31. mars.

Har stagnert

Etter at Statoil gav han talentprisen for snart tre år sidan, har Hopen fått så som så med tillit i Sogndal. Det førte han til Jæren og utlån i Bryne for to år sidan. I fjor var det i Nest-Sotra han fekk speletid.

Han vedgår at utviklinga har stagnert siste åra.

– Men eg har berre meg sjølv å takke. Eg har nok ikkje lagt ned ein god nok jobb for å vere i startellevaren og for å kunne prester bra. Men om det har stogga litt opp, så må eg berre ta rennefart på nytt att, seier han.

Vurderer studiar

22-åringen seier han no ynskjer å prøve seg på studiar. Etter fullført vidaregåande skule har han konsentrert seg om fotball. Kva er førebels uvisst.

Når tida for no er over som Sogndal-spelar, står oppgjera mot Brann att som gode minne for 22-åringen. I 2011 senka han erkerivalen med kampens einaste mål. Året etter sikra han saman med Ulrik Flo Sogndal fornya eliteseriekontrakt mot Brann.

– Både den i 2011 og 2012 var artige kampar. Det er alltid kjekt å få besøk av storebror, og å slå dei kvar gong, gliser Hopen.