Hopp til innhold

Orienterte toppkandidatane til Vestland om E39 i Sogn og Fjordane

FØRDE (NRK): Onsdag møtte Stamvegsutvalet i Sogn og Fjordane toppkandidatane til nye Vestland fylke. – Det er viktig at dei som sit rundt bordet kjenner til våre prosjekt, seier Jenny Følling.

Fylkestoppar på møte om E39 i Sogn og Fjordane

MØTTE KANDIDATANE: Fylkesordførar og leiar i Stamvegsutvalet Jenny Følling møtte fleire av kandidatane til nye Vestland onsdag.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Følling er leiar i Stamvegsutvalet og fylkesordførar i Sogn og Fjordane. Ho seier det er viktig å snakke med fylkestoppane om status for E39 i fylket.

– Vi manglar gul midtstripe fleire stadar, og vi har ikkje noko nytt prosjekt som startar opp i denne stortingsperioden.

Følling peikar mellom anna på ny veg mellom Langeland, Førde og Moskog som eit prosjekt dei ønskjer å fokusere på.

– Det er heilt nødvendig å få fjerna Halbrendslia, og å få dette inn i Nasjonal Transportplan, seier ho, og legg til at dei også vil prøve å påskunde prosjekt som ligg langt fram i tid, til dømes ny veg forbi Vadheim

– Betre føresetnader

Etter møtet er Følling godt nøgd med korleis dagen har vore.

– Eg synest det har vore eit veldig bra møte, og eg trur dei som var her likte seg godt. Det å få informasjon om vegprosjekt i Sogn og Fjordane, kva som er våre flaskehalsar og kor viktig E39 er for oss trur eg er nyttig òg for dei frå Hordaland, seier ho.

– Når vi skal til å prioritere prosjekta og kampen om pengane så er det viktig at dei som sit rundt bordet kjenner til våre prosjekt. Det trur eg dei har mykje betre føresetnader for etter dette møtet, legg ho til.

– Bør kome lenger fram i køen

Fleire av politikarane frå Hordaland seier dei fekk mykje nyttig informasjon på møtet. Mellom anna peikar dei på utfordringane med E39 gjennom Halbrendslia og Førde sentrum som noko dei vart overraska av.

– Den problemstillinga har eg ikkje reflektert så mykje over tidlegare. Det er eit prosjekt eg meiner bør kome lenger fram i køen, seier andrekandidat for Vestland Framstegsparti Sigbjørn Framnes.

– Å kunne lede denne trafikken ut av Førde og inn i ein ny tunnel vil vere eit glimrande prosjekt, som vi må løfte opp og få inn i Nasjonal Transportplan, seier andrekandidat for Vestland Venstre Geir Kjell Andersland.

– Målet må vere fjordkryssing

Fylkestoppane diskuterte òg i kva grad ferjefri E39 bør prioriterast sett opp imot andre utbetringar. Askeland seier det er andre ting som vil vere viktigare for Venstre.

– Vi vil prioritere gul midtstripe og rassikring framfor til dømes ferjefri E39, i den grad det blir ein motsetnad. Om det blir det er vi ikkje i tvil om kva vi vil prioritere, seier han.

Framnes er tydeleg på at ferjefri E39 likevel må vere målet.

– Det er sjølvsagt slik at ein mange stadar bør prioritere gul midtstripe framfor fjordkryssing. Samtidig må målet vere fjordkryssing, slik at vi får ein ferjefri kyststamveg mellom Kristiansand og Trondheim.