Dagleg leiar i Sunnfjord 2020, Olav Steimler, likar utviklinga. - Vi har vore optimistar heile tida, men no er vi endå meir optimistiske. Det er hyggeleg at hardt arbeid gir resultat, seier Steimler.
Frå krisestemning til optimisne
For mindre ein eitt år sidan var det krisestemning i Florø, etter fleire tunge år med tap av arbeidsplassar og store problem for sentrale verksemder. Men i løpet av det siste halve året har hjørnesteinsbedrifter fått nye ordrar for 2,5 milliardar kroner. Resultatet er ein stigande optimisme i Florø.
Nye skipskontraktar er med å skape optimisme. Arkivfoto Steinar Lote NRK
Storkontrakt til Kleven
Kleven Florø kan vise til nye store ordrar på 1,7 milliardar, der kontrakten på bygging av kjemikalietankskip utgjer vel milliarden. Når i tillegg Saga Fjordbase kan vise til kontrakt med Statoil verd 500 millionar, og Safari og West Industri Skips service har nye kontraktar på til saman 300 millionar, skaper det ny glød i kystkommunen.
- Kan slå oss på brystet
Mykje av årsaka er ei generell betring for skipsindustrien, der ordretilgangen til no i år alt er betre enn i heile 2003. Men Steimler meiner dei og har grunn til å slå seg på brystet i Florø. - Det som no har skjedd, er resultatet at kreativitet og hardt arbeid. Omstillinga i Florø er ei folkerørsle. Alle er med på dette, og alle har ein del i seieren, seier Olav Steimler i Sunnfjord 2020.