Hopp til innhold

Ordna eiga markering av ny veg

Natt til i går vart den nye tilførselsvegen til Lavik ferjekai teken i bruk. Men Statens vegvesen vil vente med den offisielle markeringa til heile anlegget er ferdig. Torbjørn Lavik syntest det var for gale at ei slik historisk hending ikkje skulle feirast. Difor kjøpte han fyrverkeri for eiga rekning og skaut opp, skriv avisa Firda.