Hopp til innhold

Ordførarrivalane vil ikkje ein gong snakka med naboane

I Luster og andre plassar er kommunereforma i ferd med å stoppa opp, fordi politikarane er redde for å tapa valet viss dei er for positive til samanslåing.

Ivar Kvalen og Arne Johannessen

KAMP OM KLUBBA: I Luster vil ikkje ordførar Ivar Kvalen (Sp, t.v.) møta nabokommunane for å drøfta

Foto: MONTASJE: Noralv Pedersen/Geir Bjarte Hjetland / NRK

Du treng ikkje køyra mange kilometerane innom kommunegrensa i Luster før du møter ein sterk uvilje mot å slå seg saman med nabo og storebror Sogndal.

– Det ser eg på som heilt uaktuelt. Luster har ingenting ting å tena på det, seier Asbjørn Nes, som står på bensinstasjonen på Hafslo og fyller drivstoff på bilen.

To andre kundar, Per Tang og Per Hillestad, er hjartans samde:

– Eg kan ikkje sjå at der ligg ein einaste fordel i det, seier Tang.

– Det blir ikkje aktuelt, og det er fordi me har det bra som me har det, legg Hillestad til.

Hafslo-Per1

PER-AR MOT SAMANSLÅING: Per Tang (t.v.) og Per Hauge på Hafslo i Luster har vanskar med å sjå ein einaste fordel med å slå Luster saman med Sogndal, Leikanger og eventuelt andre kommunar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Inngrodd skepsis

I Luster kommune stikk motstanden mot kommunereforma så djupt at ordførar Ivar Kvalen (Sp) ikkje ein gong vil snakka med nabokommunane i eit uforpliktande sonderingsmøte. Og det gjer Kvalen lurt i om han vil styra Luster også dei neste fire åra, skal ein tru dei NRK møtte på Hafslo.

– Det er ei heilt rett haldning, og han er nøydde til å ha den haldninga. Elles blir han definitivt ikkje vald til ordførar på nytt, seier Asbjørn Nes.

Bensinstasjonen, der Nes har stoppa, ligg 15 kilometer frå Sogndal, som er regionsenteret for midtre og indre Sogn. Mange arbeider for ein storkommune på nordsida av Sognefjorden. Men Luster har takka nei til å møta Sogndal, Leikanger, Balestrand og Vik. Ordførar Kvalen vil at Luster skal stå åleine:

– Me har i mange år bygd opp eit godt tenestetilbod til innbyggjarane våre. Me har ein ryddig økonomi. Dei siste åra har me hatt solid vekst i folketalet. Næringsutviklinga går veldig bra. Alle piler peikar oppover, så det går godt an å vera nabo til eit regionsenter utan at ein må slå seg saman.

Johannessen pustar i nakken

Kvalen er ein ihuga motstandar av sentralisering og har vore mot kommunereforma dei siste 10 åra, lenge før han fekk ordførarmakt. Men ordføraren har òg ein annan god grunn til å takka nei til samtaleinvitasjonar frå samanslåingsivrige naboar. Og den grunnen heiter Arne Johannessen.

– Slike samtalar er ikkje interessante på dette tidspunktet, seier Johannessen.

Den tidlegare mangeårige leiaren i Politiets Fellesforbund er Kvalen sin hovudutfordrar til ordførarvervet i Luster. Arbeidarpartipolitikaren nærast kappast med rivalen om å vera mest skeptisk til kommunereforma.

– Eg er ikkje berre skeptisk. Eg er sterkt i mot. Eg har ikkje tru på den ideologien om at berre ting blir stort nok, så blir det betre, seier Johannessen, som på Ap sitt landsmøte nyleg tok eit kraftfullt oppgjer med mange av regjeringa sine reformer, som Johannessen meiner verkar sterkt sentraliserande.

Sniglefart før valet

Luster er ikkje den einaste staden i landet der arbeidet med kommunereforma går sakte før kommunevalet i september. Det er fylkesmennene som har i oppgåve følgja opp kommunar som ikkje på eige initiativ tek grep i reformarbeidet. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre, har registrert fleire kommunar – spesielt i Sogn – der dei folkevalde ser ut til å trø vatnet til etter valet:

– Det er nok eit variert bilete. Nokre kommunar er komne langt. Medan andre kommunar ikkje har det, og då kanskje spesielt kraftkommunar med gode inntekter og som vil ha solid økonomi framover. Men det er òg viktig at kommunane vurderer risikoen for at tilskotet som kommunane får for å vera små, kan forsvinna, seier Hamre.

Noralv Distad Jan Geir Solheim, Petter Sortland og Arild Ingar Lægreid

TRØR VATNET: Ordførarar i kraftkommunane Aurland (Noralv Distad, f.v.), Lærdal (Jan Geir Solheim), Høyanger (Petter Sortland) og Årdal (Arild Ingar Lægreid) har ikkje kome langt i arbeidet med kommunereforma.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Kraftskepsis

Nettopp lukrative inntekter frå kraftproduksjon er ein hovudgrunn til at folk i Luster meiner kommunen vil klara seg godt på eiga hand. Det kan òg forklara skepsisen i kraftkommunar som Aurland, Vik, Høyanger, Bremanger og Modalen i Hordaland.

Men i Leikanger tykkjer ordførar Olav Lunden lite om at Luster vender ryggen til resten av Sogn.

Olav Lunden og Harald Offerdal

BEKLAGELEG: Ordførar Olav Lunden (Ap) i Leikanger tykkjer lite om at Luster vender ryggen til resten av Sogn. Saman med ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand har Lunden invitert Luster til eit kommunereformmøte, men fått nei.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg beklagar at me ikkje ser fellesskapen vår, for me er éin felles bu- og arbeidsmarknad, som me burde ha bygd meir på og gjort i lag.

– Du tek ikkje attval til hausten. Er det enklare for deg som ikkje står på val, å fronta kommunesamanslåing, enn andre som kan risikera å mista veljarar?

– Det kan godt henda. Eg trur eg seier det mange meiner. Kanskje er det for få som seier det dei faktisk meiner. Eg trur eg hadde sagt dette sjølv om eg hadde stilt opp att òg, men no er det iallfall lettvint å seia det, svarar Lunden.

– Dårleg tid

Norske kommunar skal gjera vedtak om eventuell samanslåing innan sommaren neste år. Fylkesmann Anne Karin Hamre er redd for at kommunane vil få dårleg tid om dei ventar med å speeda opp farten til etter valet.

– Kjem kommunane for seint i gang, risikerer dei at prosessane ikkje blir gode nok, og det tener ikkje innbyggjarane. Dessutan er eit av måla med reforma å få til gode bu- og samfunnsutviklingsområde. Og då er det avgjerande at kommunane ser korleis heile regionen kan utvikla seg, og ikkje berre snevra dette inn til å handla om sin eigen kommune, seier Hamre.

– Har god tid

Dei åtvarande merknadane til Hamre ser ikkje ut til å gjera inntrykk på ordførar Ivar Kvalen i Luster:

– Regjeringa og fleire prøver å framstilla dette som om me har dårleg tid. Eg trur me har god tid, så her er ingen grunn til å trekkja forhasta konklusjonar.

Ei slik linje fell i god jord hjå veljarane på Kvalen sin heimplass, Hafslo. Per Tang trur slett ikkje ein storkommune er av det gode:

– Store kommunar er som regel ikkje drivne godt. Det vil ikkje ein storkommune på nordsida av Sognefjorden bli heller. Og så veit me om motsetnadene mellom Luster og Sogndal, og dei vil ikkje bli betre om me slår oss saman, seier Tang med eit lurt smil om munnen.

Lunden invitert Luster til eit kommunereformmøte, men fått nei.