Ordførarkandidaten er etterforska for vald – trekkjer seg ikkje likevel

Tysdag kveld kom meldingar om at Høgre sin ordførarkandidat i Lærdal, Johannes Einemo, hadde trekt seg. Så kom kontrabeskjeden.

Johannes Einemo

I PERMISJON: Ordførarkandidat for Lærdal Høgre, Johannes Einemo kjem ikkje til å trekkje seg, men går ut i permisjon så lenge etterforskinga pågår.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Tysdag melde Vestland Høgre om at Johannes Einemo hadde vald å trekkje som ordførarkandidat i Lærdal. Seinare vart det kjent at dette var grunna ein etterforsking av ei valdsepisode under ein festival i Lærdal i sommar, der politikaren vart skulda for lekamskrenking og friheitsberøvelse.

No er det klart at Einemo ikkje trekkjer seg likevel, men går ut i permisjon så lenge etterforskinga held på. Lærdal Høgre kjem ikkje til å sjå seg om etter ein ny ordførarkandidat så nære valet.

Full forvirring

Etter at Høgre kom med beskjeden om at Einemo skulle trekkje seg har det vore hektisk for partiet i Lærdal som i følge presseskrivet tysdag kveld, snarleg ville informere om kven som skulle verte den nye ordførarkandidaten i Lærdal.

– Det er klart det er utfordrande, men no har me kalla inn til ekstraordinært møte på torsdag så får me sjå kva som skjer, sa leiaren i Lærdal Høgre, Frøydis Helland til NRK onsdag formiddag.

Ifølgje Helland var det Einemo som sjølv valde å trekke seg etter rådføring med fylkessekretæren i Vestland Høgre.

– Eg fekk den endelege bekreftinga seint i går kveld. Eit val er tatt, og då må me respektere det og sjå vidare.

Ville ikkje trekkje seg likevel

Trass i dei tydelege indikasjonane frå Vestland og Lærdal Høgre, kom beskjeden onsdag ettermiddag om at ordførarkandidaten ikkje hadde planar om å trekkje seg likevel. Det var Einemo sin forsvarsadvokat, Louis Anda, som formidla vidare den avgjerda.

– Det er ikkje tatt stilling til om han trekker seg eller ikkje. Det kan ha stått fram frå Høgre sentralt at min klient vil trekkje seg, men dette er ikkje avklart enda.

Louis Anda

OVERREAKSJON: Advokaten til Einemo, Louis Anda, meier det ville vere ein overreaksjon å trekkje seg umiddelbart grunna ein politimelding.

Foto: Privat


Anda fortalde vidare at ordførarkandidaten har opplevd politimeldinga som ein stor belastning, og at han følar seg uskuldig i skuldingane som er retta mot han. Han meiner det ville vore ein overreaksjon dersom Einemo skulle trekkje seg no, så tidleg i etterforskingsprosessen.

– Det må vere heilt openbert at ein politimelding i seg sjølv ikkje kan vere eit grunnlag for at ein som har politisk verv trekkjer seg. Dersom ein skulle ha ein uønskt politikar frå eit hald, så ville man jo kunne løyse det ved å melde politikaren, seier Anda.

Heilomvending

Onsdag kveld kom Vestland Høgre ut med ein ny utsegn der det vart presisert at Einemo berre er under permisjon så lenge etterforskinga er i gang. Fylkessekretær Karsten Sprenger seier at begge utsegnene har vorte sendt i samtykke med Einemo.

– Eg forstår at dette kan verke forvirrande. Men me har blitt einige om å presisere tydlegare i dag at han ikkje har vald å trekkje seg, men at han har søkt om permisjon.

Den nye avgjersla betyr at Lærdal Høgre etter alt å døme ikkje kjem til å stille med ein fungerande ordførarkandidat under valkampen, med mindre etterforskinga av Einemo vert avslutta tidlegare enn venta. Dersom Høgre gjer eit brakval vil det også seie at Einemo kan tre inn som ordførar etter valet. Eit anna scenario som også kan finne stad er dersom høgre gjer eit godt val, medan etterforskinga ikkje vert nedlagt. Kva som vil skje då er uklart.

– Det er godt mogleg at Høgre vil få eit ordførarverv dersom dei gjer eit brakval. Men me vel å ta stilling til kva som eventuelt ville skje, i etterkant av valet, seier fylkessekretæren.