Hopp til innhold

Ordførarkandidat blir etterforska for vald

Høgre sin ordførarkandidat i Lærdal, Johannes Einemo, vert etterforska for vald. – Han stiller seg heilt uforståande til skuldinga, seier advokat Louis Anda.

Johannes Einemo

LISTETOPP: Høgre sin ordførarkandidat i Lærdal blir etterforska for vald etter ei hending i sommar.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Einemo melde i går kveld at han trekker seg som ordførarkandidat av «personlege grunnar». I dag kjem det fram at han blir etterforska for vald og for å ha teke ein annan ut av heimen sin mot sin vilje.

Sogn Avis omtala saka først.

Hendinga skal ha skjedd tidlegare i sommar, under eit arrangement ved hotellet til Einemo i Lærdal.

– Eg kan stadfeste at vi har fått ein politimelding for lekamskrenking og frihetsberøvelse i sommar i Lærdal. Saka er under etterforsking, seier politiinspektør Ronny Iden til NRK.

– Hausa kraftig opp

Louis Anda

NEKTAR: Advokat Louis Anda seier Johannes Einemo nektar for å ha gjort det han er skulda for.

Foto: NRK

Einemo vart for seks år sidan dømd til åtte månader i fengsel etter ein valdsepisode ved ein utestad i Sogn. I rusa tilstand slo han ein annan medvitslaus, og heldt fram med å slå fleire slag.

Då hevda ordførarkandidaten at han vart provosert og slo i panikk. Domen vart anka, men lagmannsretten ville ikkje behandle saka.

Einemo vil ikkje kommentere den siste påståtte siste valdshandlinga overfor NRK, men seier til Sogn Avis at «saka er blitt hausa kraftig opp».

Har avhøyrt vitne

Både NRK og Sogn Avis har frå ulike kjelder fått stadfesta hendinga som skal ligge til grunn for saka. Fleire vitne skal vere avhøyrde.

Ein gjest vart skulda for å ha svindla med bongar under arrangementet i midten av juli. Same natt skal Einemo og ei dørvakt ha oppsøkt vedkomande heime og bede han gjere opp for seg.

Einemo og dørvakta bad vedkomande med på ein køyretur for å diskutere saka. Etter dette sprikar forklaringane mykje. NRK får opplyst at den fornærma vart teken med til ein avsidesliggande stad. Her skal han ha blitt trua og slått ein gang.

– Det har ikkje vore noko kroppskrenking eller truslar, avviser advokat Louis Anda, som representerer Einemo.

– Bakgrunnen for kontakten mellom min klient og den vi kan kalle fornærma, er at denne fornærma misbrukte nokre ølbongar og kopierte desse opp i eit stort tal. Den fornærma vart frivillig med for å diskutere bruken av ølbongar, og gjekk frå møtet i sinne, held Anda fram.

Vil ikkje kommentere

– Utover å ta opp at han ikkje kan kopiere opp ølbongar på denne måten, har ikkje min klient gjort noko meir enn å la han gå frå møtet, seier Anda.

Politiet presiserer at ingen er sikta.

– Politiet har avhøyrt ein mistenkt og nokre vitne i saka. Så vil det bli gjort ytterlegare etterforsking, seier Iden og ikkje ynskjer å kommentere saka nærare.

Fylkessekretær Karsten H. Sprenger i Vestland Høgre eller generalsekretær i Høgre, John-Ragnar Aarset, vil ikkje utdjupe kva som ligg i «personlege grunnar».

Aarset stadfestar at han har vore i samtalar om saka og er orientert om konklusjonane.