NRK Meny
Normal

Ordføraren vil gjerne lyse opp i mørket

NORDFJORDEID (NRK.no): Alfred Bjørlo har ingen planar om ikkje å bli sett i haustmørket.

Deler ut refleksar på Nordfjordeid

IVRIG UTDELAR: Eid-ordførar Alfred Bjørlo tykkjer det er viktig at dei unge brukar refleks for å unngå ulukker i trafikken.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Dette er trafikktryggleik i praksis. Refleks er den billegaste og enklaste livsforsikringa ein kan ha, seier ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid.

I dag er det den nasjonale Refleksdagen og ordføraren stod klar for å dele ut refleksar til skuleungdommen i kommunen.

– Vi har hundrevis av unge som går i mørket her. Vi har hatt eit bra rush med unge som vil ha refleks, seier Bjørlo.

Sterkt redusert risiko

Det er like skremmande kvar gong den første mørke køyreturen på hausten, og plutseleg må du bremse for ein mørkkledd fotgjengar utan refleks. Målet med Refleksdagen er å få fleire til å bli synlege i trafikken.

Eivind Bjørke og Audun Heggestad

SPARAR LIV: Eivind Bjørke frå politiet og Audun Heggestad frå Trygg Trafikk fortel kor viktig refleks er.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

På Nordfjordeid hadde dei stilt mannsterke opp for å markere refleksdagen.

Fylkesleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk håper folk følgje opp oppmodinga dei kom med,

– Brukar du refleks, reduserer di risikoen for å bli skadd eller drepen med heile 85 prosent, seier han.

Er du synleg i mørket, betyr det at bilistane ser deg 15 sekund før dei passerer deg.

– Går du utan refleks, er det snakk om berre to sekund, forklarar Heggestad.

Håper ungdommane vil bruke refleksen

Alfred Bjørlo, Oddveig Hove og Monica Åsnes

VIKTIG JOBB: Alfred Bjørlo og fekk selskap av Oddveig Horne og Monica Åsnes i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Monica Åsnes i Sogn og Fjordane fylkeskommune fortel at Refleksdagen er noko dei vel å prioritere. I år får alle 8. klassingane i fylket utdelt ein refleks.

– Vi vil auka bevisstheita og bruken av refleks på ungdomstrinnet. Vi ser at det ofte det er der det er vanskelegast å nå fram, og håpar at ei påminning frå oss kan hjelpe.

Målet til fylkeskommunen er klart: å få flest mogleg til å bruke refleks.

– Om vi berre får nokre få til å byrje å nytte det, så er det verdt det, seier Åsnes.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes, NRK

DELTE UT: I dag var politi og vegvesen på plass for å dele ut refleks til dei som skulle på skulen. Foto: Asgeir Reksnes, NRK

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.