Hopp til innhold

Ordføraren vil likevel måle luftkvaliteten i Flåm

Ordførar Noralv Distad (H) i Aurland bøyer av og vil likevel starte målingar av luftkvaliteten i Flåm.

Cruiseskipet "Rotterdam"

FORUREINAR: Om lag 150 cruiseskip kjem kvar år til Flåm i Sogn og Fjordane. Skipa slepp ut store mengder helsefarleg NOx-gass.

Foto: Anders Bang-Andersen

Noralv Distad har tidlegare vore lunken til å starte målingar av luftkvaliteten i Flåm, men etter press frå statssekretæren i Miljøverndepartementet innser ordføraren no at målingar må gjennomførast.

– Vi har oppfatta det som eit statleg pålegg å gjennomføre målingar og då er det naturleg at vi følgjer dette opp. Saka vil bli teken opp i formannskapet den 25. april og vil bli avgjort der, seier Distad.

Ein omfattande rapport frå Sjøfartsdirektoratet slo i 2017 fast at luftforureininga i Flåm og Geiranger i periodar i høgsesongen kan vere farleg for helsa til folk. Medan Geiranger har gjennomført målingar sidan 2015, har ikkje Aurland gjennomført målingar.

Spesielt dei gamle cruiseskipa slepp ut store mengder helsefarleg NOx (nitrogenoksid). NOx er ein gass som er ekstra farleg for astmatikarar og hjarte- og lungesjuke. Flåm er ein av dei store norske cruisehamnene med om lag 150 cruiseskip kvart år.

Ønskjer ikkje redusert trafikk

Aurland kommune har i eit brev til Miljøverndepartementet bede om å få konkretisert kor omfattande målingane skal vere og over kva tidsrom dei skal gjennomførast.

Distad påpeikar at det også er mykje biltrafikk i området og at dette kan påverke luftmålingane.

– Det er ikkje berre skipstrafikken som står bak utsleppa, seier han.

Fryktar du at målingane skal føre til at de ikkje lenger kan ta imot så mange cruiseskip?

– Nei, det gjer eg ikkje. Målsetjinga er å halde oppe trafikken samtidig som vi får skip som forureinar mindre.

Noralv Distad

GIR ETTER: Ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), vil likevel måle luftkvaliteten i Flåm. Men han må få formannskapet med seg, skal det bli noko av.

Foto: Synne Ulltang / NRK

I slutten av mai kjem Sjøfartsdirektoratet med konkrete forslag til korleis få ned utsleppa i verdsarvfjordane. Det er knytt store forventningar til forslaga, som skal ut på høyring.

Eit av dei varsla tiltaka er å redusere farten for å redusere utsleppa.