NRK Meny
Normal

Ordføraren var sjølv med på evakuering

I januar kjempa innbyggjarane mot flammane. I dag kjempar dei mot vatnet.

Ordførar Jan Geir Solheim

EVAKUERER: Ordførar Jan Geir Solheim skildrar situasjonen som dramatisk for innbyggjarane på Ljøsne.

Foto: Jan Christian Jerving

SISTE: Politiet i Sogn og Fjordane, ved presseansvarleg Nils Erik Eggen, opplyser like før midnatt at evakueringa i Lærdal er avslutta, og at vassmengda byrjar å gå ned.

Ordførar Jan Geir Solheim stadfestar dette.

– No er det 29 personar som er evakuerte. Eg kjem akkurat frå ei befaring, og Lærdalselva er stabil, seier ordføraren ved midnatt.

Av dei andre elvane i kommunen går nokre opp og andre ned, men det er ikkje planlagd å evakuere fleire personar.

– No er det oppdemming og ras vi må passe på. Vi har vakter som skal passe på i heile natt, seier Solheim.

Det har vore ein svært dramatisk dag i Lærdal.

Flaumar fleire stader

På grunn av den store nedbøren fløymer det fleire stader i Lærdal kommune.

Kommunen opplyser klokka 1930 at ni personar er evakuerte. Fleire vegar, blant desse E16, er stengde.

– Mange av sideelvane går utover sine breidder, og står i fare for å ta bruer og hus. Folk som bur i området seier dei aldri har opplevd maken. Elvene står inntil hus som aldri før har vore i fare, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

– Alle bør evakuere

Elvene som truar Lærdal er Nivla, Senda, Kuvelda og Teiggjeli. Kommunen opplyser på sine nettsider at politiet har vore i kontakt med Røde Kors, og at desse bemannar opp lokalt.

(Artikkelen held fram under videoen)

Lærdal kommune er i full gang med å evakuere innbyggjarar. Fleire elvar har vakse over breiddene.

SJÅ VIDEO: Fleire elvar i Lærdal har vakse over breiddene. Denne videoen er frå Ljøsne. (FOTO: JAN CHRISTIAN JERVING)

Som under storbrannen i januar, er Ljøsne skule etablert som evakueringslokale. Flammane tvang 681 personar frå heimane sine og kravde over 40 bygningar.

Like mange står ikkje i fare for å bli evakuerte under flaumen. Fylkesberedskapen er likevel kontakta og kommunen har sett i gang evakuering frå Rikheim bedehus til Bø bru.

– Alle som bur langs riksvegen, på baksida på Ljøsne, bør evakuere, seier Solheim.

– Her har det gått mange ras

I tillegg til faren ved flaumstore elvar, truar også rasfaren. Solheim fortel at elvan steig med ein meter på ein time, og at elvan

– Hovudelva er heilt mørkebrun på farge, og det luktar jord. Her har det gått mange ras, seier Solheim.

– Det har faktisk gått eit ganske stort ras i ei høvesvis lita elv på Ljøsne. Elva går no mørkebrun, så vi har bede om assistanse frå geolog. Men det blir utfordrande. No kom mørket og vi ser at vegen er uframkommeleg fleire stader, for bruene klarer ikkje ta unna, legg han til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elva Teigjeli har gått over breiddene

GÅTT OVER: Elva Teigjeli i Lærdal har gått over breiddene og flaumer utover bøane.

Foto: Jan Christian Jerving

Har ikkje sett liknande

NRK har snakka med folk langs Lærdalselvi som ikkje har sett liknande dei 40 åra dei har budd der.

Heller ikkje ordførar Solheim har sett tilsvarande tilstandar i kommunen sin.

– Vi har bede fylkesmannen om assistanse, for dette blir alvor. Det er ganske kaotisk. Vi må fjerne menneske som bur langs denne strekkja no, så godt det let seg gjere, seier han.

Vurderer evakuering

Store nedbørsmengder har gjort at elva Jølstra har vakse kraftig i løpet av ettermiddagen. Dramatisk har det også vore i Aurland, der fleire vegar er stengde og bruer er øydelagde.

Mellom anna er Flåmsbrygga hotell evakuert og gjestene innkvartert på eit anna hotell. Vegen til Undredal øydelagt. Operasjonsleiar Inge Værøy opplyser at ein også vurderer å evakuere eit bustadfelt i Årdal.

– Elva Utla er i ferd med å gå over sine breidde og det blir fortløpande vurdert om vi skal evakuere eit bustadområde med kring 60 bebuarar, seier Værøy.

Vegopning på Bergum i Førde kommune