Hopp til innhold

Ordføraren tok jomfruturen

– Supert, jubla ordførar Ivar Kvalen etter å ha tatt jomfruturen i sklia i lustringane sitt flunka nye bademekka.

Ordførar Ivar Kvalen (Sp) vart førstemann som sette utfor sklia i det nye badeanlegget i Luster.

SJÅ VIDEO: Så nøgd vart ordføraren etter å ha tatt jomfruturen i det nye Lustrabadet. (Foto: Birger Meland)

Det var lite som minna om striden, då lustringane i hopetal farta til opninga av det nye badeanlegget i Gaupne.

Lustrabadet står klart.

KLART: Lustrabadet klar til bruk.

Foto: Birger Meland / NRK

Ordførar Ivar Kvalen (Sp) fekk ikkje berre æra av å klyppe snora. Han var også først ute i sklia.

– Det var kjempemoro. Dette blir ein av mange hundre turar, stråla han.

100 millionar

Badeanlegget vart omstridd etter kvart som kostnaden vaks og vaks sidan ideen såg dagens lys i 2003.

I dag var alle stridsøkser gravlagt då ordføraren, ikledd badekåpe, klypte snora ute. Og kasta seg i sklia inne.

(Artikkelen held fram under videoen)

John Erik Mogstad gledde seg storveges til å få hoppe i lustringane sitt nye badeanlegg i Gaupne.

SJÅ VIDEO: John Erik Mogstad kvidde seg ikkje før han hoppa i bassenget. (Foto: Birger Meland)

– Under prosessen, og då det nærma seg slutten av prosessen, så var det temperatur i lustrapolitikken, stadfestar Kvalen. Også innbyggjarane i kommunen var delt, der spesielt innbyggjarane i bygdene rundt kommunesenteret Gaupne var skeptiske.

Skepsis vart motstand

Ein av desse var Ernst Veum (Frp). I utgangspunktet var han positiv. Då han såg rekninga og kva følgje det kunne få for andre viktige oppgåver i kommunen, vaks skepsisen til motstand.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lustrabadet

25 METER: Bassenget er 25 meter langt og har seks baner.

Foto: Birger Meland / NRK

– Men striden har dempa seg no, konstaterer han og seier seg samd med Sp-ordføraren at opninga er noko alle i kommunen har gledd seg til. Kanskje ikkje så rart det med eit basseng på 25 meter og seks baner, stupetårn, klatrevegg, sklier og barnebasseng.

– Eg har høyrt at ungane i barnehagen byggjer badeland i sandkassene, smilte Kvalen.

Lange dagar

Og feststemning vart det til gagns då anlegget opna i dag. Frå anlegget har ein utsikt mot fjord, fjell og fossefall. Ein kan med andre ord nyte både det som er inne og ute.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lustrabadet

STUP: Det er fleire stupetårn i Lustrabadet.

Foto: Birger Meland / NRK

Dagleg leiar Nina Gudvang fortel om lange og hektiske dagar for å få alt klart til opninga. Natt til fredag vakna ho kvar time, så det var ein letta Gudvang som kunne konstatere at anlegget var opna.

– Eg har ikkje ord. No er eg kjempeglad, stråla ho.