NRK Meny
Normal

Ordføraren skuffa over regjeringa

Det kom ikkje pengar til Lærdal i revidert nasjonalbudsjett. Kommunen har fått 4,8 millionar etter storbrannen i januar, men har bede om 20 millionar kroner.

Jan Geir Solheim

– SINT, OVERRASKA OG SKUFFA: Ordførar Jan Geir Solheim og Lærdal kommune får ikkje pengar til gjenreising i revidert nasjonalbudsjett.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

– Eg er mest skuffa, Eg har jo møtt både Statsminister og justisminister som lova oss hjelp til oppbygginga. Til meir eg tenker på det, så blir eg sint også. Det seier Jan Geir Solheim som er ordførar i Lærdal.

Natt til søndag 19 januar opplevde Lærdal den største brannen i Norge etter krigen. 40 bygningar gjekk tapt i brannen, 17 av dei var bustadhus og mange familiar miste heimane sine.

Fekk lovnader

I dagane etter storbrannen vitja blant anna statsminister Erna Solberg Lærdal. I ei pressemelding peikar lærdalsordføraren på at statsministeren då peika på at vi har lange tradisjonar for at storsamfunnet stiller opp ved slike hendingar.

– Dei var og krystallklare på at me skulle få pengar til å bygge opp at Lærdalsøyri.

Då det kom avslag på ei a-kontobetaling på fem millionar kroner, byrja ordføraren å ane uråd.

Jan Geir Solheim

FÅR IKKJE PENGAR: Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal.

Foto: NRK

– Me har rett nok fått 4,8 mill. kroner for utgifter under sjølve brannen Men det var mindre enn me bad om, og mesteparten gjekk ut at til alle dei som hjelpte oss, seier Solheim.

Lærdal vedtok gjenreisingsprogrammet i mars og sende søknad med ein gong. Solheim seier at då han møtte kulturministeren så var ho imponert over det dei hadde fått til på kort tid.

– Fylkesmannen brukte eit par dagar på å tilrå eit tilskott for 2014 på 20 millionar kroner. Sidan det har me ikkje høyrt noko, trass fleire purringar, seier Solheim

NRK har vore i kontakt med Kommunaldepartementet, men så langt har ingen hatt høve til å kommentere saka.

Gir ikkje opp

Når NRK snakkar med Solheim onsdag er han i Oslo. Sjølv om han er skuffa nektar han å sjå slaget som tapt

– No må vi verkeleg gå ein sluttspurt inn mot revidert nasjonalbudsjett og vedtaket i juni.

Kva vil det bety for Lærdal om de no ikkje får pengane de har bede om?

– Eg er heilt sikker på at vi får noko. Men om vi ikkje får alt så betyr det at vi ikkje får gjennomført den gode planen vi har lagt. Planen er altomfattande og må vi kutte einskild element blir vi nærast sette tilbake til null.

– Eg er svært skuffa. Eg hadde håpa vi skulle sleppe å be om forståing i den situasjonen vi er i. Vi har så mykje anna å bruke tida vår på no her i Lærdal.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen