Hopp til innhold

Hyllar brannmannskapet sin innsats

Brannmannskapet i Gloppen får ros for innsatsen under nattas brann i Heradshuset på Sandane.

Runar Kleppe

FÅR SKRYT: Brannsjef i Gloppen, Runar Kleppe og hans mannskap på 20, hyllast for nattas innsats.

Foto: Runar Kleppe

– Det er ikkje noko kjekt, det har vore tidspunkt kor det ikkje har sett bra ut. Flammane steig igjennom taket, og taket over kommunestyresalen er heilt nedbrent.

Det fortel ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad.

I natt stod Heradshuset på Sandane, som er administrasjonssenter for Gloppen kommune, i full fyr. Brannvesenet fekk etter kvart kontroll på brannen.

Kraftig brann i kommunehuset

STORBRANN: Heradshuset på Sandane har stått i full fyr i natt.

Gloppestad hyllar brannmannskapet sin innsats.

– Det var kraftig brann ei stund, og det har vore ein heroisk innsats frå brannmannskapet frå Gloppen og Jølster for å få kontroll.

– Vi har eit fantastisk brannmannskap

Runar Kleppe er brannsjef i Gloppen. Han er, i likskap med ordføraren, kjempenøgd med innsatsen til brannmannskapet.

– Det er fantastisk å ha eit godt mannskap. Vi har fått folk frå alle dei tre stasjonane vi har i Gloppen, og i tillegg har vi med fire røykdykkarar frå Jølster, fortel Kleppe.

Brann i Heradshuset på Gloppen

STORE SYNLEGE FLAMMAR: Brannen i Heradshuset gjekk gjennom taket.

Foto: TIPSER

Brannen heldt seg stort sett til taket og den tredje etasjen av Heradshuset. Det karakteristiske klokketårnet var også i fare, men Kleppe seier at dei klarte å redde det. Kommunestyresalen gjekk det verre med.

– Den salen er heilt utbrent, og taket ligg så å seie på golvet der inne, fortel Kleppe.

– Det er trasig at eit slikt hus skal ta fyr. Men eg er kjempenøgd med innsatsen til mannskapet mitt.

Brann i heradshuset på Sandane

– Kunne gått mykje verre

Ordførar Gloppestad deler Kleppe sitt syn på innsatsen til brannmannskapet under dei lange timane i natt.

Leidulf Gloppestad

HYLLAR BRANNMANNSKAPET: Ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det kunne gått verre for huset, og det kunne vore folk involvert. Det har vore ein utruleg og heroisk innsats frå brannvesenet for å halde skadane så små som mogleg. All honnør og ære til dei.

Gloppestad kom sjølv til brannstaden i natt. Der var det litt av eit flammehav som møtte han.

– Det er ikkje noko kjekt å sjå korleis huset er. Samstundes kunne brannen gått mykje verre. Store delar av huset kan framleis ha ein funksjon. Ein ser jo at ein brann av ein slik omfang kunne enda mykje verre.

Brann Heradshus Sandane
Foto: Aadne Gloppestad / Firda Tidend

Brannårsaka framleis ikkje kjend

Kommunestyret i Gloppen må finne ein ny stad å møtast den næraste tida. Kommunestyresalen er som nemnt heilt nedbrent.

– No må vi sikre huset, og så må vi sørge for at drifta av kommunen går. Sjølv om det har vore ein brann. Vi skal nok få ei oversikt over korleis vi skal organisere oss.

Brannårsaka er framleis ukjend, men brannsjef Kleppe har ein ide om kor den har starta.

– Brannen må ha starta rundt kommunestyresalen, men nøyaktig kva som har starta brannen er vanskeleg å seie.

Politiet får truleg ikkje undersøke huset før på fredag.