Hopp til innhold

Ordføraren i Stryn meiner ordføraren i Gloppen opptrer utidig

Ordførar Sven Flo i Stryn meiner kollegaen i Gloppen, Anders Ryssdal, opptrer utidig. Måndag tok senterpartiordførar Ryssdal eit oppgjer med at Stryn truleg ikkje vil ha ei felles utgreiing om ein felles nordfjordkommune, og meiner kommunereforma står i stampe i Nordfjord.

Anders Ryssdal og Sven Flo

KRANGLAR OM KOMMUNEREFORM: Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal (Sp) og ordførar i Stryn Sven Flo (H).

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Eg reagerer jo ganske kraftig på utsegnene til min kollega i Gloppen. Eg tykkjer det er utidig at han dreg opp den diskusjonen no, og nærast peikar på oss og seier at vi ikkje vil greie ut noko som helst. Det er altså heilt fullstendig feil.

Arbeidet med kommunereforma i Nordfjord er knapt starta før bråket har starta.

Denne veka gjekk ordførar Anders Ryssdal i Gloppen ut og var skuffa over at Stryn og kanskje også Hornindal mest truleg seier nei til ei felles utgreiinga av ein nordfjordkommune. Både Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje vil ha dette alternativet med i ei framtidig felles utgreiing.

– Det blir forferdeleg kronglete at vi ikkje kan ta og gi og samarbeide. Det borgar ikkje godt for når vi ein gong skal bli ein kommune, seier Ryssdal

– Må vere audmjuk

No kan ei felles utgreiing i regi av Nordfjordrådet, med prosessen i Sunnfjord som førebilete, vere i ferd med å ryke, ifylgje Ryssdal. Men Sven Flo meiner Ryssdal bør vere meir audmjuk, særleg sidan Ryssdal er ein uttalt skeptikar til at Gloppen i framtida ikkje skal vere eigen kommune.

– Då bør han også vere audmjuk i forhold til dei prosessane vi og skal køyre lokalt i dei andre kommunane. Då bør han halde seg for god til å gå til frontalangrep mot Stryn slik han gjer i dette tilfellet her, seier Flo.

Ikkje realistisk

Flo meiner ein felles nordfjordkommune er såpass urealistisk at det ikkje er verdt å greie ut.

– Vi ser på det som svært som svært lite realistisk å greie ut ein felles kommune i Nordfjord. Så det er eit lite punkt vi då høgst sannsynleg seier nei til.

Onsdag skal saka om kommunereform skal opp i formannskapet i Stryn i morgon, politikarane har åtte ulike alternativ på bordet, men ingen vest for Eid og Gloppen.