NRK Meny
Normal

Olve Grotle skal styre Førde

Olve Grotle (H) tek over som ordførar i Førde. Venstre får varaordføraren med Jan Taule.

Olve Grotle

VINNAR: Her blir Olve Grotle gratulert på valnatta.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er inngått eit valteknisk samarbeid. Høgre får ordføraren og Venstres Jan Taule vert varaordførar, seier nyvald Førde-ordførar Olve Grotle til nrk.no.

Gler seg til å ta til

Høgre, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet vart samde i eit møte som slutta i 20.00-tida tysdag kveld.

Sjølv om forhandlingane har vart lenge, avviser Grotle at dramatikken har vore stor.

Ryddige forhandlingar

– Det har vore forhandlingar der vi har hatt både vanskelege og viktige tema for oss, men alt har gått føre seg på skikkeleg og ryddig vis. Om det ikkje har vore harde tak, så har det vore harde drøftingar, seier Grotle.

Han har knapt hatt tid til å ta inn over seg at han dei neste fire åra skal sitje med ordførarklubba i største byen i Sogn og Fjordane.

Først glede, men så forventningspress

– Då eg såg valresultatet, kjende først glede, men også plikt og forventning om å leve opp til dei forventningane som alle dei som har stemt på meg, gjerne har. Det trur eg kjem til å følgje meg i virket mitt, at eg må greie å få til dei tinga eg er oppteken av, og som eg seier eg skal jobbe for, seier Grotle.

Vemodig å avslutte advokatpraksisen

Advokat Grotle ser fram til å ta til som ordførar, sjølv om han medgir at det er med eit visst vemod han avsluttar advokatpraksisen sin. Enn så lenge.

– Eg har vore advokat i mange, mange år, og trivest godt med det. Det er litt vemodig å skulle avvikle praksisen min, men det er og slik at det går an å starte opp att som advokat. Det er og det som er planen når eg er ferdig med politikken, presiserer Grotle.

Vil ha fokus på utvikling

Han er klar på kva han kjem til å jobbe med, så snart han får sett beina innom ordførarkontoret.

- Først og fremst må vi ha auka fokus på vekst og utvikling. Få til betre samhandling mellom alle dei gode kreftene som er i Førde, må bli betre til å dra i lag. I tillegg må vi bli flinkare til å byggje opp Sunnfjord som ein felles bu- og arbeidsregion, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.