Hopp til innhold

Ordføraren får endeleg smykka seg

I dag kan Frida Melvær endeleg slutte å låne ordførarsmykke frå naboane. Akkurat i tide til opninga av Dalsfjordbrua har ho fått kommunens ordførarkjede i hende.

ASkvollordførar Frida Melvær er stolt over å endeleg kunne smykke seg med sitt eige ordførarkjede.

STOLT ORDFØRAR: I dag kunne ASkvollordførar Frida Melvær endeleg smykke seg med eige ordførarkjede.

- Det er den beste julegåva ein ordførar kan få, seier ein tydeleg stolt og glad ordførar.

Etter å ha lånt ordførarkjede frå naboar i fleire år, kunne Frida Melvær i dag endeleg ta på seg sitt eige forseggjorde kjede. Og for ho var timinga heilt ypparleg.

- Det kom sterke ynskje om at eg kunne stille med ordførarkjede på bruopninga på laurdag. Ynsket har sikkert vore der lenge, men det kom sterkt i samband med Dalsfjordbrua, fortel Melvær som syns det er stas å ha nådd målet.

Askvoll er den nestsiste kommunen i fylket der ordføraren får eige ordførarkjede. No gjenstår berre Hyllestad.

- Det var ein kjapp prosess, sett i gong på privat initiativ. Askvoll næringsutvikling har organisert ein privat innsamlingsaksjon, og kommunestyre vedtaket kom i september.

Ordførarkjedet sy,boliserer fleire av kommunen sine næringar og kjenneteikn.

KOMMUNEN SINE KJENNETEIKN: Ein traktor, eit askeløv, fisk og bølgjer er nokre av symbola som prydar ordførarkjedet.

Symboliserer heile kommunen

Sjølv om avgjersla og prosessen gjekk fort, bær ikkje smykket preg av å vere hastverksarbeid.

- Det er så fint, så reint og stilig som det kan bli, seier Melvær med beundring i stemma.

Smykket har fletta inn fleire symbol og gjenstandar som er viktige for kommunen. Sølvsmykket er bølgjeforma, noko som representerer fjordane, Dalsfjorden og Førdefjorden, som kommunen er omkransa av.

- Det er lagt inn bølgjer i ledda og fisk som sym i fjordane, noko som representerer fiskerinæringa som er ein stor del av oss. Ein traktor symboliserer landbruket, ein kniv industrien, fjella Alden og Brurastakken er representert og eit askeløv står for sjølve kommunenamnet, fortel Melvær.

Vil helst ha smykket på dag og natt

Ho ser fram til å smykke seg med kjeda under opninga av Dalsfjordsambandet laurdag. Bruer er også sentrale element i smykket, men om det er den omstridde Dalsfjordbrua som er kjelda til inspirasjon for designaren er Melvær usikker på.

Dalsfjordbrua

I TIDE TIL OPNING: Dalsfjordbrua opnar laurdag, og Frida Melvær skal stå fremst med sitt nye ordførarkjede.

Foto: Skjermdump frå Youtube

- Bak i låsen er smykket veldig flott, der er fjordane knytt saman med ei bru. Vi har mange bruer, og fleire på ynskjelista, så om det er sjølve Dalsfjordbrua den symboliserer, det veit eg ikkje.

Smykket har også ein knapp med konglomerat frå Værlandet. I den er Solvogna, ei helleristning som er spesiell for Askvoll kommune. Melvær er så glad for endeleg ha smykket i handa, at ho helst ikkje vil gje slepp på det.

- Eg kan ikkje seie det høgt, men eg hadde gjerne lagt meg med det om natt. Eg skal ikkje det altså, men lyst er der, seier ho lattermildt.

Og sjølv om kommunen står i fare for å bli slått saman med nabokommunen Fjaler, og dermed kanskje gjer kjeda overflødig, tek ho ikkje sorgene på forskot.

- Kor kommunesenteret skal ligge er ikkje sagt noko om, heller ikkje kva kommunenamnet blir. Eg skal kose meg med ordførarkjeda så lenge eg er ordførar i Askvoll, så får framtida syne korleis strukturane blir framover.

Knappen symboliserer Solvogna, ei karakteristisk helleristning for Askvoll kommune.

FORSEGGJORT: Heile kommunen er representert i smykket, og Solvogna, ei karakteristisk helleristning frå Askvoll, inngravert i konglomerat frå Værlandet.