NRK Meny
Normal

Ordføraren får fleire og fleire strengar å spele på

Frå før kan Førde smykke seg med tittelen sykkelby og korby. No kan ordførar Olve Grotle (H) føye til Årets nynorsk kommune på merittlista.

Olve Grotle på solidaritetsmarkering for flyktningar

MANGE STRENGAR: Olve Grotle (H) er ordførar i ein sykkelby, korby og no nynorskkommune.–Vi har mange strengar å spele på, men no ynskjer vi helst å bli ein større kommune, humrar han på spørsmål om kva hatt Førde får neste gang.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

I dag vart det klart at Kulturdepartementet kåra Førde til årets nynorskkommune 2015.

Prisen er på 100 000 kroner. Pengar kommunen førebels ikkje veit kva dei skal bruke til.

– Det spesielt kjekt å bli sett pris på når vi har hatt litt fokus på nynorsk dei siste åra. gjennom prosjektet «Nynorskbyen» har vi hatt fokus på nynorsk identitet, nynorsk språk og det å samle nynorskmiljøet vi har her. Som faktisk er ganske stort, seier ordførar Olve Grotle (H).

Vil skilje seg ut

Kulturminister Thorhild Widvey (H) presenterer kulturbudsjettet på Norsk Maritimt Museum på Bygdøy i

FORTENT: Kulturminister Thorhild Widvey meiner det er ein fortent vinnar av årets nynorskkommune.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Prisen har vore delt ut sidan 2009, og har fram til i år blitt delt ut av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det er språkrådet som har leia juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.

Prosjektet «Nynorskbyen» har falle i smak hos kulturminister Thorhild Widvey (H). Gjennom prosjektet har Førde prøvd å skilje seg ut frå urbane byar, der nynorsk taper terreng.

– Førde har fokus på språkarbeid, og har gjennom prosjektet knytt identiteten sin tett opp mot nynorsk språk. Kommunen har eit uttalt mål om å bli eit kraftsenter for nynorsk, seier ho.

– Velfortent pris

– Dette er ein velfortent pris. Førde er ein føregangskommune i nynorskarbeidet i Norge. Kommunen er ein aktiv pådrivar for nynorsksatsinga, ikkje berre i eigen by, men i heile regionen, seier kulturminister Thorhild Widvey (H).

«Nynorskbyen» Førde er forankra i kommunedelplan kultur 2014–2017.

– Vi har mellom anna fått til eit samarbeid med næringslivet, der vi har lagt vekt på bruken av nynorsk i dagleg reklame. Det er ein ting som kan gi både eigenart og verdi, seier ordførar Grotle.

Kompetansesenter

Kva prisen på 100 000 kroner skal brukast til, er førebels uvisst. Men kommunen er tydeleg på at dei framover ynskjer å auke medvitet ytterlegare kring bruken av nynorsk i næringsliv og merkevarebygging.

Ein vurderer etablering av eit litteraturhus for regionen. Dei har også planer om eit kompetansemiljø på nasjonalt nivå.

– Vi har leika litt med tanken om å utvikle eit nynorsk kompetansesenter, men dette er framleis heilt på tankestadiet. Uansett er dette ein pris som bør gi oss ekstra kraft og fokus på arbeidet vidare med nynorsk som omdømebygging, seier Grotle.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå