Hopp til innhold

Ordføraren er lei seg – er blitt fråstolen historisk skilt

– Eg vaks opp med det skiltet. Det høyrer liksom til garden og vekkjer gode barndomsminne i meg, seier ordførar Mathias Råheim.

Mathias Råheim

TRIST ORDFØRAR: Postskiltet (til høgre) hang på hjørnet av ei sperrestove på garden og forsvann for to-tre veker sidan.

Foto: Eirik Hildal og privat / NRK

Ordføraren i Gaular kommune fortvilar. I løpet av oktober har nokon vore innom på garden og stole det gamle postskiltet som hang på ei sperrestove kloss i fylkesvegen.

– Eg oppdaga det hin dagen. Eg er så mykje borte at eg kjem og reiser frå garden når det er mørkt. Men den dagen var eg heime medan det var lyst og då såg eg at skiltet er borte, fortel ordføraren.

Det er eit gamalt, raudt postskilt det dreiar seg om. Garden til Mathias Råheim i Råheimsdalen var telefonstasjon den gongen ingen hadde telefon heime. Stasjonen låg inne i ei gamal sperrestove, og skiltet har hengt på denne stova sidan stasjonen vart opna for over 70 år sidan.

Barndomsminne

– Som liten gut var det eg som måtte ut som bod når nokon fekk ein telefon. Eg heiv meg på sykkelen og sykla til folk i dalen. For kvar tur tente eg 1,50 kr. Etter kvart auka det til 3 kroner. Du kan tru eg hadde gulldagar då det var hestehandlar i bygda, fortel Høgre-ordføraren til NRK Sogn og Fjordane.

Skiltet har hengt der så lenge han kan hugse.

– Det er ein del av garden. Det er ein del av meg. Det har følgt meg heile livet, seier ordføraren trist.

Han har snakka med naboane som ikkje har lagt merke til noko uvanleg i området. Måndag kveld valde difor ordføraren å etterlyse skiltet på Facebook-sida si.

Mathias Råheim

FACEBOOK: Klokka 10.23 tysdag føremiddag hadde meldinga ordførar Mathias Råheim la ut på Facebook blitt delt 201 gonger og kommentert 31 gonger.

Foto: Facebook / Skjerdump

Responsen har overraska den 65 år gamle politikaren.

– Eg hadde mange delingar alt etter eit par timar. Det er rørande å sjå at så mange bryr seg, seier ordføraren.

Han vil svært gjerne ha det tilbake.

– Det betyr ganske mykje for meg å få det attende. Det er eit kulturminne som har vore der så lenge eg har levd.

Stor samlarverdi

Slike skilt i emalje og blikk kan ha stor verdi for mange samlarar. Leif Roger Størseth i auksjonsfirmaet Skanfil seier postskilt med normale skader som monteringshol i hjørna kan ha ein verdi på mellom 2000 og 4000 kroner på samlarmarknaden.

Gamalt postskilt

SAMLEOBJEKT: Dei gamle telefonskilta kan ha høg verdi for samlarar, ifølge auksjonshandlar.

Foto: Privat

– Vi selde eit slikt skilt for tre år sidan med utrop på 1 600 kroner. Det vart selt for 4 300 kroner, men det var eit skilt i svært fin kvalitet, seier Størseth.

Han trur skiltet til Råheim kan bli vanskeleg å selje no som det blir kjent i media at det er borte. Sjølv vil han varsle sine avdelingar om å vere på vakt dersom nokon kjem inn med eit slikt skilt.

Ordførar Mathias Råheim bryr seg ikkje om verdien i kroner og øre. For han er skiltet noko meir.

– Skiltet er eit minne frå svunne tider som aldri kjem att. Og det høyrer til garden, seier Råheim.