Hopp til innhold

Ordførarduell utanom det vanlege

Ikkje nok med at ordførarane i fylket må kjempe om kommunereform og fylkesgrenser, no ville dei måle kven som var raskast på ei mil.

Ordførarduell under Flora-mila

SJÅ VIDEO: Kven er raskast i fylket av desse fire ordførarane? (Foto: Truls Kleiven/ redigering: Solveig Svarstad)

Ordførarane i fylket har kjempe mot kvarandre i ei rekkje tøffe kampar i det siste, men den tøffaste tevlinga dei i mellom, skjedde truleg under Flora-mila på Florø stadion.

Flora-ordførar Ola Teigen utfordra alle sine kollegaer i fylket til å delta på Flora-mila i kystbyen. På startstreken stod Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad, Førde-ordførar Olve Grotle, Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll og initiativtakaren sjølv og ordførar i Florø, Ola Teigen.

– Det var fire offensive ordførarar som stilte. Det viste seg raskt at Olve Grotle og Kristin Maurstad var i betre form enn Jarle Aarvoll og eg. Aarvoll slapp ganske raskt, så eg vart liggande i mellomsjiktet gjennom heile løpet, seier Teigen.

I invitasjonen frå Teigen stod det klart og tydeleg at det var ei mil det var snakk om.

– Det var to alternativ på ei mil og fem kilometer, men det sa ikkje Teigen noko om. Eg trudde det skulle vere ein rask spasertur, men kollegaene mine dei la av garde og plutseleg var vi spreidd for alle vindar. Men eg fekk ein rask gonge i mange flotte byggefelt i Florø, seier Jarle Aarvoll.

Duell

KLAR TIL DUELL: På startstreken stod ordførarane frå Vågsøy, Flora, Førde og Sogndal.

Foto: TRULS KLEIVEN

Knipen siger

Ordførarduellen utarta seg raskt til å vere ein konkurranse mellom Nordfjord og Sunnfjord. Gjennom heile løpet var Kristin Maurstad lengst framme med kollega i Førde, Olve Grotle, hakk i hel. Knappe ti meter før mål skjedde det noko.

– Det oppstod eit dilemma. Eg sprang bak Maurstad, då eg måtte stille meg spørsmålet om eg skulle la ho vinne eller ta ein Northug. Eg kom fram til at eg ikkje kunne la ho vinne, seier Olve Grotle.

Kristin Maurstad måtte sjå seg slått av Grotle i ordførarduellen.

– Det er litt bittert. Eg hadde Grotle i hælane heile tida, seier Maurstad.

Like bak ordførarane frå Vågsøy og Førde, kom Teigen og til sist Aarvoll. No vil Sogndal-ordføraren invitere til motbakkeløp.

– Denne kroppen er ikkje bygd for jogging på asfalt og flat veg. Den er mykje betre i motbakkar. I motbakkar trur eg sunnfjordingar slit meir, men eg hadde ein flott tur i Florø og fekk nyte utsikta, ler han.

Flora-mila verre enn tøffe forhandlingar

Teigen ville utfordre ordførarane i fylket til Flora-mila for å sette fokus på ei viktig sak.

– Eg ville sette fokus på folkehelsa. Spesielt ordførarar har eit ansvar for å gå føre og sei at kosthald og trening er viktig.

Det blei godt tatt i mot av Aarvoll.

– Eg set stor pris på at Ola Teigen er bekymra for helsa mi og for valflesk. Dette var ikkje vanskeleg å sei ja til, seier Aarvoll.

Kva er verst? Tøffe forhandlingar om kommunereform eller Flora-mila?

– Heilt klart Flora-mila. Det var eit slit. Eg blir ikkje andpusten av kommunereform, seier Grotle.

Duell

MEDALJE: Førde-ordførar Olve Grotle (t.v.) kom først i mål. Ola Teigen var nummer tre, medan Kristin Maurstad var nummer 2.

Foto: TRULS KLEIVEN