Hopp til innhold

Ordførarbyte i Lærdal trass rekordval for Sp nasjonalt

Jan Geir Solheim og Sp må gje ifrå seg ordførarvervet etter eit katastrofeval i Lærdal.

Jan Geir Solheim

SKUFFANDE: Trass i gode tal nasjonalt, gjorde Jan Geir Solheim og Sp eit svakt val i Lærdal. Partiet hadde ein tilbakegong på 18 prosentpoeng.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det har vore fantastisk å vere ordførar i Lærdal, men me har måtte handtert mykje, seier Jan Geir Solheim.

Etter åtte år bak roret går det mot ordførarskifte i Lærdal kommune. Arbeidarpartiet fekk 49,1 prosent av røystene under valet i går.

Kraftig tilbakegang

I kontrast til resten av landet, gjorde Senterpartiet i Lærdal eit svært skuffande val. I alt hadde dei ein tilbakegong på 18 prosentpoeng, og enda med ei oppslutning på 28,2. Trass i eit skuffande val, ser ikkje Solheim på valet som eit personleg nederlag

– Nei, absolutt ikkje. Eg har hatt nokre gode år og veit kva dette går i. Eg kunne sjølvsagt tenke meg å fortsette, men det er veljarane som må bestemme, seier han.

Solheim, som seier han gler seg til å reinske hovudet etter nokre intense veker, meiner det er viktig å sjå framover no som valet er unnagjort.

– Eg har eit brennande politisk engasjement i Lærdal, sjølv om eg må gå av som ordførar. Og så har me trass alt no ei god liste med representantar, som kjem til å fokusere på å utvikle Lærdal vidare.

Suksess for Ap

Med tilnærma halvparten av alle stemmene gjorde Ap stor suksess i valet. Dermed er det duka for at Audun Mo skal ta over ordførarklubba i Lærdal. Sjølv er han overraska over at valet gjekk så bra som det gjorde.

– Me hadde jo håpa på eit godt resultat, men dette var over all forventning, seier han.

Audun Mo er klar for å ta over ordførarvervet i Lærdal

NØGD: Audun Mo i Ap vart positivt overraska over det gode valresultatet. Han er no klar for å tre inn i rolla som ordførar i Lærdal.

Foto: Bård Siem / NRK

Valet betyr at Mo må gje seg som sjef for bilforretninga si når han no truleg trer inn i ordførarvervet. Trass i at han berre har ein periode bak seg i kommunestyret, trur han ikkje det vil verte ei hindring.

– Eg har jo vore leiar i kyrkjestyret i Lærdal så eg kjenner jo litt systemet og korleis det er oppbygd.

Mo, som fortel at partiet skal i møte med SV i kveld, bekreftar at dei truleg får varaordførarvervet i Lærdal.