– Heller flaumvern enn vassdragsvern

Ordførar Noralv Distad (H) i Aurland er ein av fleire ordførarar som vil byggje ut verna vassdrag for å sikre utsette vestlandsbygder mot flaum. Han er budd på protestar.

Store øydeleggingar etter flaumen i Flåm

FLAUM: Oktoberflaumen i 2014 gjorde stor skade på Flåm i Aurland.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Kilde: NRK/NTB

Ordføraren trur ikkje at det vil gå upåakta hen blant turistar og byfolk dersom naturkreftene skal temmast på stader som det dramatiske Seltuftgjelet langs Rallarvegen, skriv Bergens Tidende.

– Sjølvsagt er framlegg om å endre tidlegare vernevedtak kontroversielt. Men det er vi som bur i distrikta som må leve med følgjene av flaum, seier ordføraren til avisa.

Ventar fleire skadeflaumar

I oktober 2014 herja flaumstore elvar med Flåm, Odda og Voss. Berre i Aurland vart 13 bustader øydelagde og 160 personar evakuerte då Flåmselvi gjekk over breiddene.

Noralv Distad

VIL BYGGJE: Ordførar Noralv Distad (H) meiner flaumvern må gå framfor vassdragsvern.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Utbygging av verna Flåmsvassdraget har også tidlegare vore nemnt. Og det er nok ein gang flaumførebygging som er tema – nær 30 år etter at det vart verna i 1986.

– Då sa fleirtalet i Stortinget at samfunnsnytten ikkje var stor nok. Men eg trur at alle som følgde med på flaumen i Flåm, dei enorme skadane som var der og fæle opplevinga det var for folk, skjønar at tiltak som kan hindre ein tilsvarande flaum vil ha stor nytte. Difor trur eg saka står langt sterkare no når vi tek den opp att, seier Distad til NRK.

Heller flaumvern

Aurlandsordføraren har funne fram att ein gammal konsesjonssøknad frå E-CO Energi, som eig Aurland kraftverk. Også i Voss og Odda ser ordførarane på om flaumvern må gå framfor vassdragsvern.

I Odda forsvann fem hus og kring 100 personar måtte evakuerast då elva Opo gjekk over sine breidder i fjor haust.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.