Ordførarar til kamp for sjukehuset

Ordførarane i Sunnfjord og ytre Sogn ber om møte med Helse Førde om den økonomiske situasjonen.

Førde sentralsjukehus
Foto: NRK

- Vi er urolege for det som no skjer og fryktar at vi skal få eit dårlegare sjukehustilbod. Tryggleiken er i faresona. Det kan vi ikkje godta, seier ordførar Nils Gjerland i Førde.

 

Helse Førde har eit omstillingsbehov på 100 millionar, og eigaren Helse Vest har pålagt dei å greie minst femti av desse i år.

Viseadministreande direktør Helge Bryne har også i klartekst sagt at innsparingane må takast ved sentralsjukehuset i Førde. Dette er så urelistisk at fleire lurer på om Helse Vest har vikarierande motiv for krava sine.

- Vi vil ikkje tru i det i utgangspunktet, men vi held alle mogelegheiter opne. Difor vil vi ha fakta på bordet, seier Gjerland.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.