Helse Førde må spare pengar - og politikarane i Nordfjord fryktar at det skal gå kraftig ut over sjukehuset på Nordfjordeid. Det får dei ikkje til å henge saman med ei utbygging til 170 millionar kroner ved Førde sentralsjukehus.
Ordførar Roger B. Silden skjønar ikkje at Helse Førde kan bruke mykje pengar på utbygging.
I følgje Sunnmørsposten tok ordførarane både i Stryn og Eid til orde for å stoppe den planlagde utbygginga i Førde då Nordfjordrådet diskuterte saka i går. - Helse Førde må få orden på økonomien først, meiner Roger B Silden.
- Folk er bekymra
I morgon møtest fylkeskommunen og regionråda i Sogn og Nordfjord for å diskutere det som skjer i Helse Førde. Fylkesordførar Nils R Sandal seier at både politikarar og folk flest er bekymra over utviklinga.
Skjønar spørsmålet
Styreleiar Tore Thorsnes i Helse Førde seier han forstår at det blir stilt spørsmål ved den store utbygginga i Førde - men den startar likevel som planlagt om nokre få dagar.