NRK Meny
Normal

Ordførarar i skyteduell

FØRDE (NRK): Før ordførarduellen starta i dag, var det mange spekulasjonar om kva for kommune som hadde den beste skyttaren til ordførar.

Olve Grotle

FERSK SKYTTAR: Førde-ordførar Olve Grotle hadde fordel av heimebane under skytekonkurransen, men det viste seg å hjelpa lite.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg har teke på meg presset for å gjere det enklare for dei andre. Inst inne veit eg at eg truleg er den dårlegaste her. Derimot har eg ikkje nervar og det er min fordel, seier Førde-ordførar Olve Grotle.

I dag var ordførarar frå heile fylket samla i Førde til skytekonkurranse. Den vart arrangert i samband med Landsskyttarstemnet.

Ein knapp på ordførarane frå Sogn

Grotle meinte han kunne sjå på dei andre ordførarane at han ikkje hadde sjanse til å slå dei.

– Mellom anna han som sit ved sidan av meg her, Håkon Myrvang. Eg veit at han er ein habil skyttar, som berre har skjult det i alle år.

Ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang, var ikkje heilt eining i det. Han hadde meir tru på ordførarane frå Sogn.

– Eg har forstått det slik at ordførarane frå Sogn er ganske gode. Dei tek dette seriøst og har med seg våpen og greier, så det blir spennande å sjå.

Første- og andreplass i ordførarkonkurransen på landsskyttarstemnet

Sjå sigersintervjua.

Spent fylkesordførar

Like før konkurransen skulle gå i gong i føremiddag var stemninga spent blant politikarane på skytebana.

– Eg har vore eit par gongar på skytebana og syntest det var moro, men dette er ei anna setting. Her er stemninga spent og det er masse publikum, så eg er utruleg spent på kva som vil skje når eg kjem på standplass, sa fylkesordførar Jenny Følling, like før ho skulle skyte.

Jenny Følling

KLAR, FERDIG, GÅ: Fylkesordførar Jenny Følling gjer seg klar til å skyte i ordførarduellen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Freistar å fortsette

Vinnaren av duellen vart ordføraren i Hornindal, Stig Olav Lødemel. På andre plass kom Gunhild Berge Stang, ordførar i Fjaler.

Vinnarane av ordførarduellen

TO PÅ TOPP: Stig Olav Lødemel tok første plassen i ordførarduellen, medan Gunhild Berge Stang kom på andre plass.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dette var kjempekjekt. Eg er overraska over at det gjekk så bra, sa Lødemel. Han går på hjortejakt og har handtert ei rifle før. Gunhild Berge Stang var derimot heilt fersk.

– Eg tenkte eg måtte vite fram og bak på ei rifle før eg var med på dette, så eg har vore på nokre få treningar med skyttarlaget i Dale.

Berge trur ho vil halde fram med skytinga.

– Det er god mental terapi. Ein tømmer hovudet heilt for andre tankar når ein er på skytebana, så det freistar å fortsette. Det er eit fint miljø med unge og gamle i lag.

Resultatliste

RESULTATA: Slik såg den endelege resultatlista ut etter konkurransen.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.