Hopp til innhold

Ordførarar i samanslåtte kommunar godtek ikkje reduserte overføringar

Stikk i strid med signala frå regjeringa, risikerer fleire samanslåtte kommunar å få reduserte rammeoverføringar frå staten.

Mathias Råheim, ordførar i Gaular

PROVOSERT: Høgre-ordførar Mathias Råheim i Gaular vil møte partifelle og næringsminister Monica Mæland for å setje skapet på plass.

Foto: Bård Siem / NRK

– Dette godtek vi rett og slett ikkje, seier Høgre-ordførar Mathias Råheim frå Gaular. No ber han om møte med partifelle og kommunalminister Monica Mæland der han vil protestere.

Det var avisa Firda som først presenterte Kommunenes Sentralforbund (KS) sine prognosetal. Der går fram at nye Sunnfjord kommune vil få 22 millionar kroner mindre i rammetilskot frå staten enn det kommunane Jølster, Førde, Gaular og Naustdal gjer i dag.

Også dei nye samanslåtte kommunane Indre Fosen og Nærøy-Vikna i Trøndelag risikerer reduserte rammeoverføringar frå staten.

Sjokkert Sp-ordførar

Senterparti-ordførar Oddmund Klakegg i Jølster er sjokkert over prognosane som blir skissert.

Oddmund Klakegg

NEKTAR Å TRU: – Det er ikkje til å tru at nye Sunnfjord kommune risikerer å sitje ingen med mindre i rammetilskot frå staten enn det vi gjer i dag, seier Sp-ordførar Oddmund Klakegg i Jølster.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Ein avgjerande grunn til at det vart fleirtal for kommunesamanslåing i Sunnfjord vart nettopp at vi vart lova auka overføringar frå staten. No viser det seg at regjeringa har hatt ein annan agenda. Det er ikkje til å tru, seier Klakegg.

Lovar meir pengar

Statssekretær i Kommunaldepartementet, Lars Jacob Hiim (H), vedgår at det har oppstått utilsikta effektar og lovar at regjeringa vil kome med kompenserande tiltak. Samtidig kan han ikkje love at dei nye kommunane ikkje får redusert rammetilskot i det heile.

Lars Jacob Hiim, statssekretær

UTILSIKTA EFFEKT: Vi vil gå grundig inn i dette og er innstilte på å kome fram til løysingar som gjer at dei nye kommunane ikkje kjem negativt ut, seier statssekretær Lars Jacob Hiim (H).

Foto: Adrian Dahl Johansen / NRK

– Det torer eg ikkje å seie fordi vi først må sjå på kor store utslag det er snakk om. Men særleg busetjingskriteriet, som har ein stor utilsikta effekt, vil vi finne kompenserande tiltak på.

Men har ikkje innbyggjarane grunn til å føle seg lurt når du ikkje kan love at dei nye kommunane ikkje vil få reduserte rammeoverføringar?

– Dette er så langt tal som er henta frå modellar. Vi vil gå grundig inn i dette og er innstilte på å kome fram til løysingar som gjer at kommunane ikkje kjem negativt ut, seier Hiim.

Vil ikkje fire

Råheim seier det er uaktuelt å godta ei einaste krone i reduserte rammeoverføringar til den nye storkommunen.

– Dette må kompenserast. Det hadde ikkje vorte fleirtal i folkerøystingane for samanslåing dersom det ville resultere i reduserte overføringar frå staten, seier han.