NRK Meny
Normal

Får støtte frå ein tredjedel av ordførarane

Fleirtalet av ordførarane i Sogn og Fjordane støttar KS i arbeidskonflikten med lærarane. – Litt trist, seier streikeleiar Sissel Sande.

Skulestreik

STREIKAR: Det er ikkje lærarane ordførarar i Sogn og Fjordane støttar i arbeidskonflikten med KS.

Foto: Ingrid Langeland Jensen / NRK

I alt 5.500 lærarar ved 132 skular går måndag ut i streik grunna arbeidskonflikten mellom Utdanningsforbundet og KS.

Dersom kommunane ynskjer det, krev KS at lærarane fordeler arbeidstida si over fleire veker enn i dag og ha vanleg kontortid på 37.5 timer i veka på skulen. Utdanningsforbundet meiner dei treng den fleksible arbeidsdagen dei har i dag for å gjere ein god jobb.

Og ordførarane i fylket støttar dette.

– Eg hadde håpa at dei hadde større forståing for læraryrket og lærarprofesjonen sin eigenart, og viste meir respekt for vår jobb og viktigskapen av det, seier streikeleiar Sissel Sande ved Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane.

Har mykje støtte

Forbundet er med sine 160.000 medlemer Norges nest største fagforeining. Dei fryktar endring av arbeidstida gir ein dårlegare skule. Difor blir også 113 lærarar ved tre skular i fylket tekne ut i streik over helga .

Jan Geir Solheim

STØTTAR: Jan Geir Solheim støttar KS sitt krav.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Ei ringerunde NRK har gjort viser nemleg at 65 prosent av ordførarane i fylket støttar framlegget frå Kommunesektorens organisasjon. Kring 15 prosent er skeptiske, medan resten ikkje har teke noko standpunkt.

Sande seier at dei likevel har mykje støtte.

– Eg føler vi har støtte i opinionen, medlemsmassen sjølvsagt og skuleleiarar. Politikarar må ta dette innover seg, men dei er kanskje styrt frå sentralt hald også, seier ho.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Lærarane går ut i streik. I Sogn og Fjordane er det førebels i Førde at lærarane streikar.

SJÅ: Lærarane går ut i streik. Reporter: Vidar Gudvangen/Foto: Arne Stubhaug

Ein mot – ein for

KS krev at lærarane skal ha vanleg kontortid, medan Utdanningsforbundet etterlyser ein fleksibel arbeidsdag for at lærarane skal kunne gjere jobben sin.

Jan Olav Gjerde

LIKAR IKKJE: Ordførar i Hyllestad, Jan Olav Gjerde (Ap), tykkjer det er ein dårleg idé å endre dagens ordning.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Jan Geir Solheim (Sp), ordførar i Lærdal, som tidlegare har jobba i skulestellet, støttar KS. Han trur ryddigare arbeidstid er ein fordel.

– Dette blir eit meir ordna system, seier han.

Ordførar Jan Olav Gjerde er den einaste som NRK har snakka med, som ikkje ser noko grunn til å endre dagens ordning.

– Eg tykkjer vi har ein avtale med lærarane som fungerer godt, og som har vore eit viktig bidrag til å rekruttere lærarar inn i yrket. Eg ser ingen grunn til å endre på det, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå