Hopp til innhold

Ordførarane krev at HV11 må styrkast

Alle kommunane og regionråda i Sogn og Fjordane står no saman om eit opprop mot nedlegging av heimevernsdistrikt 11 som dekker Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Alfred Bjørlo (V) Eid, Kristin Maurstad (Ap) Vågsøy, Stig Olav Lødemel (H) Hornindal og Sven Flo (H)

STÅR SAMAN: Alfred Bjørlo (V) Eid, Kristin Maurstad (Ap) Vågsøy, Stig Olav Lødemel (H) Hornindal og Sven Flo (H) er fire av dei 26 ordførarane som har skrive under på oppropet.

– Vi vil på vegner av våre kommunar på det sterkaste motsetje oss framlegget om nedlegging av HV11, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

Oppropet er underskrive av ordførarane i alle dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane.

Bakgrunnen er at Stortinget i haust skal handsame langtidsplanen for Forsvaret. Regjeringa foreslår ei sterk nedbygging av Heimevernet i Sør-Noreg, frå 42.000 til 30.000 soldatar og befal. Eitt av framlegga er å legge ned HV11. Dette heimevernsdistriktet dekkjer Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

– Vi kan ikkje godta at heimevernet i vår del av landet blir bygd ned. Vi ordførarane seier det så sterkt som at legg ein ned HV11, har vi ikkje lenger eit landsdekkande forsvar, seier Bjørlo.

Regjeringa legg opp til å bruke 7,2 milliardar kroner meir på Forsvaret dei neste fire åra, og foreslår ei styrking av forsvarsbudsjetta med 165 milliardar over dei neste 20 åra. Men Heimevernet er ei av forsvarsgreinene som skal kuttast med mange millionar årleg.

Bjørlo seier ei nedlegging av HV11 og nedbygging av Heimevernet vil ha alvorlege følgjer.

– Heimevernet er ein viktig del av vår samla samfunnsberedskap i Sogn og Fjordane. Både i ein krigssituasjon og i fredstid, seier han.