Ordførarane inntok stortingslista

SKEI (NRK): Det vart knallhard kamp om å få vere med på stortingslista til Frida Melvær. Sjølv er ho mest spent på om ho greier å ta førarkortet.

Frida Melvær gjekk til topps under Sogn og Fjordan Høgre sitt nominasjonsmøte.

ORDFØRARJUBEL: Sven Flo og Frida Melvær jublar over å bli stortingskandidatar. Dei er begge ordførarar.

Frida Melvær vart vald med ståande applaus til førstekandidat. Med seg på stortingslaget sitt får ho ei rekkje av sine ordførarkolleger.

– Eg er rørt, stolt og overvelda, sa Melvær då ho inntok talarstolen.

– Dette er eit lagspel. Vi treng gode lagspelarar både på lista, og ute i lokallaga. Eg gledar meg så sabla mykje til den valkampen vi no skal ut i.

Fredag valte stortingsrepresentant Bjørn Lødemel å trekkje seg som kandidat. Det var partifellene takksame for. Det vart ei rekkje kampvoteringar om dei påfølgjande plassane.

Nominasjonsmøte i Sogn og Fjordane Høgre.

Stryn vs. Florø

Finteljing av røystesetlar

FINTELJING: Røystesetlane vart flittig brukt under nominasjonsmøtet i Sogn og Fjordane Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sitjande stortingsvara og fylkespolitikar Bjørn Hollevik frå Flora var innstilt av nominasjonsnemnda på andreplassen.

Men delegatane på Skei ville det annleis. Ordførar Sven Flo i Stryn vart fremma som motkandidat. Flo fekk 39 røyster, mot Hollevik sine 28.

Hollevik hadde på førehand varsla at han berre var aktuell for dei to øvste plassane.

Tidlegare fylkesleiar i Unge Høgre, Lise May Sæle frå Balestrand, vart samrøystes valt til tredjekandidat.

Tenksam Bjørn Hollevik

VRAKA: Bjørn Hollevik frå Florø er fylkespolitikar og stortingsvara. Men han fekk ikkje fornya tillit. Dermed er det ingen frå kystkommunen på stortingslista.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kamp for kamp

På fjerdeplassen vart det kamp mellom nyleg avgått Vågsøy-ordførar Morten Hagen, og fylkespolitikar Anne Lilleaasen frå Gaular. Hagen sigra med 37 mot 30 røyster. Lilleaasen vart så plassert på femteplass.

Kamp vart det også om niandeplassen. Der vart Anders Kristian Sægrov frå Jølster sett opp mot Unge Høgre-kandidaten Asbjørn Sæterskar. Sægrov fekk 54 røyster, mot 13.

På tiande og sisteplass på lista står Førde-ordførar Olve Grotle. Fleire hadde ønska han høgare på lista, men han sjølv hadde innstendig bede om å få sleppe det.

Frida Melvær argumenterer

PÅ BAKROMMET: Medan delegatane køyrde kampvoteringar i møtesalen, sat kandidatane utanfor. Her diskuterer Frida Melvær med Bjørn Hollevik, som vart vraka.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Lovar å ta lappen

Etter at nominasjonsmøtet var over, kom Frida Melvær med éin tydeleg vallovnad til NRK. Ho skal ta lappen. I ei årrekkje har farta fylket rundt som ordførar og fylkespolitikar. Utan førarkort.

– Det eg er aller mest spent på, har ingenting med politikk å gjere. Eg har lova nominasjonsnemnda at eg no skal ta sertifikat, seier ho smilande til NRK.

Komande tysdag skal ho ta kontakt med ein trafikkskule.

– Eg har fått testa kollektivtilbodet i Sogn og Fjordane, og veit godt kva som fungerer, og kva som ikkje fungerer.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.