Hopp til innhold

Har fokus på å ta lærdom - no vil ordføraren vere pådrivar for å sikre tryggleiken i Norge

– Vi kan lære mykje. Blant anna må vi må tore å gi beskjed om at vi treng hjelp. Det sa lærdalsordførar Jan Geir Solheim under evalueringsmøtet etter storbrannen.

Evalueringsmøte i Lærdal

EVALUERINGSMØTE ETTER STORBRANNEN: Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim, fylkesmann Anne Karin Hamre og politimeister Ronny Iden.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Onsdag var det eit nytt evalueringsmøtet i Lærdal etter den dramatiske brannen i januar. På møtet var det fokus på kva dei kunne bli betre på.

– Vi kan lære at dei planane vi legg ikkje må vere for statiske, og så skal vi også lære vekk til andre, og vere pådrivarar for at for at tryggleiken i Norge blir halde på eit høgt nivå.

Natt til 19 januar i år opplevde lærdalssamfunnet den verste brannkatastrofen i Norge etter krigen. 40 hus gjekk tapt i brannen, og 70 personar blei heimlause.

Nytt evalueringsmøte

Onsdag orienterte fylkesmannen, kommunen og politiet om korleis dei ser på dramatikken i ettertid.

Ronny Iden

KAOTISKE FORHOLD: Politimeister Ronny Iden snakka om korleis ein kan skape orden i kaoset som oppstår i samband med store kriser.

Foto: Truls Kleiven / NRK

For det første kan ein lære at mykje gjekk veldig bra. Det vi har snakka mest om i dag, det er korleis vi på ein betre måte kan skape kontroll under det kaoset som alltid råder når slike kriser oppstår, seier politimeister Ronny Iden.

For då flammane truga med å sluke Lærdal, stilte alle opp for å hjelpe. Alt frå privatpersonar til ulike offentlege etatar som politi, brannkorps, helse heimevern og sivilforsvar og frivillige organisasjonar.

Ulike kulturar

– Når ulike organisasjonar, med ulike kulturar i slike tilfelle skal samarbeidr er det viktig å skape gode strukturar. Det var noko vi snakka mykje om i dag.

Sjølv var Iden også oppteken av kva som skjer når ting ikkje går som dei skal. For under storbrannen opplevde dei at telefonsamband og anna kommunikasjon svikta då dei trengde det som mest.

– Dette er noko vi må ta med oss inn i øvingsutvalet. Som eg sa under oppsummeringa så er nok ikkje svaret på dette enkelt. Det blir nok gjort i dag og, men kanskje skulle vi brukt meir tid på øve under vanskelege kommunikasjonsforhold.