Ordførar: – Eg kvir meg alltid litt for å delta i den offentlege debatten

FJALER (NRK): Ei heilt fersk undersøking avslører at norske politikarar må leve med hatefulle ytringar og direkte trugslar. Mange vel å trekkje seg frå politikken på grunn av det.

Gunhild Berge Stang

HETSA: Gunhild Berge Stang har opplevd hets og sjikane etter å uttalt seg som ordførar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Når eg har skrive noko politisk på Facebook på kvelden, så ligg eg ofte vaken i senga og sjekkar mobilen annakvart minutt. Det beste er jo å ikkje bry seg om stygge meldingar, men det er ikkje så lett, seier Gunhild Berge Stang.

Ho er ordførar i Fjaler for Venstre, og fortel at ho mange gonger har opplevd å få meldingar med det ho kallar hets og trakassering etter å ha uttalt seg offentleg.

Ho er ikkje åleine. KS har nyleg utført det dei hevdar er den første nasjonale undersøkinga som forsøkjer å kartleggje kor stort problem dette eigentleg er. Resultatet er ikkje oppløftande.

40 prosent av norske folkevalde seier at dei har opplevd hatefulle ytringar eller konkrete trugslar. Ein stor del av desse politikarane har vurdert å gje seg i politikken på grunn av desse opplevingane.

– Dette er jo verkeleg dramatisk. Om folk ikkje vil vere folkevalde lenger fordi dei får trugslar og hatefulle ytringar retta mot seg, så har vi eit stort problem både for ytringsfridomen og for demokratiet, seier styreleiar i KS Gunn Marit Helgesen.

Ordføraren kvir seg for å ytre seg

Ordføraren i Fjalerunderstrekar at ho ikkje trur at ho er blant dei som er hardast råka. Ho har aldri motteke direkte trugslar, men stygge meldingar som karakteriserer som «i gråsona» har fått ho til å endre åtferd på sosiale medium.

– Tidlegare tykte eg det var veldig kjekt å meine ting på Facebook, eller å vere med i ei nyheitssak. No er det noko eg kvir meg til å gjere, fordi eg veit at det kjem mykje usakleg og mykje personkarakterstikkar min veg etter at eg har vore ute i det offentlege ordskiftet.

Stang trur ikkje at ho er blant dei som er råka av den verste hetsen, men kan likevel fortelje at ein del av det ho får i innboksen sin er av ein seksuell og sjikanerande karakter.

Innvandrarar hetsa på grunn av etnisitet

Noko som går att i undersøkinga til KS er at politikarane sjølv peikar på at innvandrarbakgrunn, kjønn og funksjonsnedsetting truleg er ein medverkande årsak til at dei får hatefulle ytringar mot seg.

På spørsmål om etnisitet og innvandrarbakgrunn kan vere ein viktig grunn til at hatefulle ytringar kjem, svarar 91 prosent av dei det er aktuelt for at det er ein «meget viktig» eller «ganske viktig» grunn til at dei tek imot hatefulle ytringar.

– Vi kan ikkje sitje stille i båten og sjå på at dette skjer, seier Helgesen i KS.

Ho meiner mellom anna at politiet må bruke ressursar på å sjå på nokre av dei ytringane som blir retta mot lokalpolitikarar.