Ordførar: – Det varmar at så mange vil vere med i leitinga

Sambygdingar av den sakna familiefaren som fall i Dalsfjorden førre torsdag deltek i søket som framleis er utan resultat.

Gunhild Berge Stang

TAKKAR FRIVILLIGE: – Dette er ei tragisk hending som pregar heile lokalsamfunnet, seier Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang (V)

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I går deltok 30 frivillige frå Leikanger i søket etter Bjørn Ove Steig (46) som torsdag i førre veke fall i Dalsfjorden. Totalt held 40-50 frivillige fram søket måndag.

– Vi held fram med same styrke i dag, fortel Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang (V) til NRK.

Ho melder også om tilreisande frå andre stader i fylket, til dømes frå Loen.

Frivillige valde å halde fram med leitinga i regi av kommunen då Hovudredningssentralen avrunda søket.

Politiet opplyser om at det framleis vert nytta fjernstyrt undervassbåt i søket. Den tek grundig føre seg eit mindre område. Frivillige leitar både på land og til sjøs.

– Alle tenkjer på korleis denne hendinga pregar lokalsamfunnet, seier Stang.

Ordføraren rosar innbyggjarane i Fjaler for at dei stiller opp. Ho fortel at folk kjem med sveler, vafler og pizza til alle som deltek i søket.

– Vi held motet oppe. Vi ønskjer å finne den sakna så fort som mogleg, seier Fjaler-ordføraren.