Hopp til innhold

Ordførar krev tunnel etter kjemperas

Ordførar Marta Finden Halset prisar seg lukkeleg for at ingen personar eller bilar vart tekne av raset i Vik søndag kveld. No vil ho ha slutt på all trafikk forbi rasstaden.

Ras i Vik og Marta Finden Halset

FLAKS: Ordførar Marta Finden Halset meiner flaksen berga dei igjen. No vil ho ha vekk all trafikk på den rasfarlege fylkesvegen mellom Vik og Arnafjorden

Foto: Fotomontasje:

SISTE: Klokka 11.45 melder Statens vegvesen at fylkesveg 92 ikkje blir opna att i dag. Rydding av rasmassane vil starte tysdag føremiddag. Det er klart etter at Vegvesenet har hatt geolog oppe i helikopter for å vurdere området.

– Vi var svært heldige i går kveld. Så lang vi veit no var det ikkje bilar eller personar som vart tekne, så endå ein gong var vi svært heldige, seier ordføraren på telefon frå Arnafjorden i Vik.

Ho er ein av vel 200 innbyggjarar som er utan vegsamband med omverda etter at det søndag kveld gjekk eit stort jord- og steinras på fylkesveg 92 mellom Vikøyri og Arnafjorden.

Stort ras sperrar vegen mellom Vik og Arnafjord

STORT RAS: Geolog er på veg til Vik for å sjå på rasområdet mellom Arnafjord og Vik.

Foto: Tiril Hagen Otterskred

Raset gjekk i området ved Eitrestrondi, eit velkjent område for rasaktivitet. Raset skal vere fem-seks meter høgt og om lag 100 meter breitt. Det vart i går kveld vurdert som uaktuelt å starte rydding, og det er venta geolog til rasområdet i føremiddag.

Om det blir gitt klarsignal for rydding, vil det uansett kunne ta lang tid før vegen opnar.

– Risikosport

Ordføraren pendlar sjølv på fylkesvegen mellom Arnafjorden og Vik, og det er ikkje første gong ho må halde seg heime på grunn av ras eller rasfare på vegen.

– Det er sjølvsagt trasig at vi er innesperra igjen. Eitrestrondi på fylkesveg 92 er ei vegstrekning der det kjem ned stein nesten kvar einaste dag, både sommar og vinter, seier ho.

(Artikkelen held fram under videoen)

Gravemaskiner blir rygga inn i rasområdet i Vik i tilfelle dei kan byrje å rydde raset.

SJÅ VIDEO: Utstyr blir rygga inn i rasområdet i Vik. Foto: Noralv Pedersen/NRK

Ein annan som er innesperra er Leif Bungum. Han seier innbyggjarane har blitt vande med at det kjem ned stein på strekninga, men understrekar at dette er noko dei ikkje kan finne seg i lenger.

– Det kjem ned jamt med stein, så ein blir litt apatisk til det. Det er ein vanvitig risikosport vi driv med når vi ferdast der, det er livsfarleg, seier han til NRK.no tidleg måndag morgon.

Har båt i beredskap

Geologar Jens Tveit og Ingrid B. Hynne i samtale med Sigmund Stadheim.

VURDERER: Geologane Jens Tveit og Ingrid B. Hynne, her i samtale med Sigmund Stadheim i Mesta, skal vurdere rasstaden.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ordføraren seier kommunen for lengst har teke høgde for at vegen kan bli stengd på denne måten av ras. Det er ordna med ambulansebåt om nokon skulle ha behov for legehjelp, opplyser ordføraren.

Mange må bli heime frå både jobb og skule i dag, då det førebels ikkje er sett inn båtskyss for denne typen trafikk.

– Det er gitt informasjon til alle foreldre som har born som skulle til Vik på skule, eller elevar som skal pendle vidare frå Vik, seier ordføraren og legg til at borna som skal på skule i Framfjorden vil kunne møte på skulen som normalt.

(Artikkelen held fram under)

Fylkesveg 92 frå Vikøyri til Arnafjorden

RASSTREKNING: Ifølgje ordføraren kjem det stein ned på vegen mellom Vik og Arnafjorden nesten kvar einaste dag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vil ha tunnel frå tunnelen

I ei årrekkje har innbyggjarar og politikarar i Vik kjempa for å få ein tunnel gjennom Vikafjellet. Riksveg 13 over fjellet er mykje stengd på grunn av uvêr, snøras og rasfare.

Tunnelen ligg no inne i Nasjonal transportplan med 100 millionar kroner til oppstart i perioden 2018–2023.

Og ordføraren i Vik meiner denne tunnelen også kan bli ein del av løysinga for å få trafikken vekk frå den rasfarlege fylkesveg 92 mellom Vik og Arnafjorden.

Ho vil nemleg kople ein tunnel frå Dale i Framfjorden inn på den lange tunnelen under Vikafjellet.

Stort ras i Vik

STORT RAS: Raset er kring 100 meter breitt.

Foto: Tiril Hagen Otterskred

– Statens vegvesen har kalkulert at rassikring av fylkesveg 92 mellom Arnafjorden og Vik vil koste 500 millionar kroner og har sett den som førsteprioritet for rassikring, seier Finden Halset.

Handlar om politisk prioritering

Men i staden for å sikre fylkesveg 92 med ein lang tunnel forbi dei rasfarlege punkta, vil ordføraren altså heller sikre trygg veg med ein sidearm til Vikafjellstunnelen.

– Det vil bety ein tunnel på to-tre kilometer. Med eit slikt tverrslag inn på den lange tunnelen kan vi stengje fylkesveg 92 forbi Eitrestrondi, for der bur det faktisk ikkje folk, seier Finden Halset.

– Men vil ikkje dette bli dyrt og vanskeleg å realisere?

– Det å byggje veg i Norge er dyrt, både for oss i Vik og for andre, men det handlar om politisk prioritering, seier Finden Halset.

Fylkeskommunen bad i 2012 Vegvesenet om å vurdere moglegheita for å løyse skredsikring langs Arnafjorden med ein tunnel inn på den lange tunnelen under Vikafjellet. I si oppsummering på førespurnaden frå Fylkeskommunen skriv Vegvesenet:

«Dersom det er mogeleg å prioritere skredsikringsmidlar til tunnel langs Arnafjorden, og det samstundes blir løyvd midlar til lang tunnel under Vikafjellet, vil truleg ei løysing med arm frå Vikafjellstunnelen til Framfjorden vere den gunstigaste løysinga.

Totalt vil dette koste i storleiken 2 mrd. 2011-kr. Vi må likevel ta atterhald i høve standardkrav og fråvik frå vegnormalane. Eventuelle krav til avbøtande tiltak må heller ikkje verte så dyre at totalkostnaden vert høgre enn å gjennomføre prosjekta kvar for seg».

Krev at noko blir gjort

Steinras mellom Vik og Arnafjorden.

STENGD: Eit stort steinras sperrar vegen mellom Vik og Arnafjord.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Leif Bungum i Arnafjorden meiner bygda ikkje vil overleve om ein ikkje blir kvitt den rasfarlege vegen.

– Ein slik rasfarleg veg slit på befolkninga. Det er vanskeleg å byggje eit samfunn basert på ein så usikker veg. Folk flyttar vekk, eller vel å ikkje flytte hit, seier han.

Også han meiner forslaget med å få trafikken vekk frå fylkesvegen langs fjorden, og inn i ein tunnel som går inn på Vikafjellstunnelen er det beste.

– No må fylkespolitikarane kome på bana og sikre at dette blir realisert. Vi må leggje ned fylkesvegen slik den er i dag, er det klare kravet frå innbyggjaren.