Hopp til innhold

Etter 16 år med «ja», vil ordføraren nekte basehopp under Ekstremsportveka

Aurlandsordførar Noralv Distad ønskjer å nekte basehopp i Gudvangen under Ektremsportveko på Voss. 16 år har Ekstremsportveko hatt ein dag med basehopp i Gudvangen.

Basehopp

HØGDEPUNKT: For mange er desse hoppa sjølve Ekstremsportveko. Spørsmålet er om det blir gitt løyve til hopping under årets veke.

Foto: Anders Vevatne Hereid / Scanpix

Basehoppinga i Gudvangen har vore omstridd etter tre uavhengige ulykker i fjor.

– Utviklinga i denne sporten dei siste åra har vore negativ. Det har vore fleire ulykker og vi er urolege for utviklinga og veldig skeptisk til auka aktivitet med basehopping og liknande aktivitetar, seier ordførar Noralv Distad (H).

– Får store konsekvensar for mange

Noralv Distad

SKEPTISK: Ordførar Noralv Distad (H) meiner basehopping ikkje er naudsynt for å marknadsføre Aurland.

Foto: pressefoto, Høgre

I 16 år på rad har basehopping i Gudvangen vore ein sentral del av Ekstremsportveko på Voss. 30 utøvarar har kasta seg ut frå utgangspunkta Nebbet og Sparkling – baseområde i verdsklasse, ifølgje utøvarane.

Men Distad har ikkje gløymt seinsommaren i fjor. På litt over ein månad i fjor haust omkom tre menn etter basehoppulykker i Gudvangen.

– Det har store konsekvensar både for dei i hoppmiljøet og andre som blir involverte i redningsarbeidet. I augneblinken tykkjer eg ikkje det er rett å ha aktivitet som marknadsfører sporten.

Vil ikkje forskottere svaret

Ekstremsportveko har søkt om å få frakte basehopparar opp i fjella med helikopter. Motorferdsle i utmark er i utgangspunktet ikkje tillate. Løyve kan gjevast dersom formålet er godt og det har ein nytteeffekt.

– Mi vurdering er at det ikkje er til stades, seier han.

Søknaden skal handsamast av både Aurland kommunestyre og styret for Nærøyfjorden verneområde. Distad leiar dei begge, men vil ikkje forskottere kva dei landar på.

Tykkjer det er trist

Dei over 30 utøvarane gjer fire-fem hopp kvar gjennom dagen og for at alle skal få hoppe så mykje som mogleg, og for å ha kontroll på at utøvarane kjem seg trygt opp, ser Ekstremsportveko ingan anna løysing enn å bruke helikopter.

Pernille Olafsen i Ekstremsportveko har skrive søknaden og ho tykkjer det er trist om dei får avslag.

– Dette er ein fin måte for oss å vise kor sikkert basehopping kan gjerast, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ekstremsportveko

POPULÆR STAD: Det er mange som hoppar utfor Nebbet i Aurland under Ekstremsportveko.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Ein knekt fot på 16 år

Olafsen meiner Veko er med på å gjere basehopping tryggare og viser til ein knekt fot på skadestatistikken dei 16 åra veko-utøvarar har hoppa i Gudvangen.

– Det er ein fantastisk tradisjon som blir avbroten og ikkje minste ein marknadsføring for Voss og regionen og Vestlandet, som kjem til å bli avslutta.

Ordførar Noralv Distad meiner basehoppinga ikkje er avgjerande for å trekke folk til Aurland,

– Dette området kan utmerka godt stå seg i marknadsføring i turistmarknaden utan at vi har med basehopping. Så akkurat det er eg ikkje særleg uroa for.

Vil regulere sporten

Aurland kommune har bede Justisdepartementet gje ein nasjonal heimel for å regulere sporten.

– Etter mitt syn er det behov for at sporten blir regulert og at det blir gitt ein heimel som gjer at vi kan seie nei, seier han.

Pernille Olafsen i Ekstremsportveko trur ikkje eit forbod vil stoppe dei som vil hoppe.

–Eg forstår at dei er uroa, men eg trur framleis at eit nei ikkje vil stoppe basehopparane frå å utøve sporten sin. Eg trur det blir vanskeleg å halde eit forbod, seier ho.

Basehopperane i Gudvangen hiv seg utfor eit stup på nesten 1km. Reporter: Thomas Lerdahl Foto: Ole André Rekkedal og Falkeblikk AS Redigering: Ole André Rekkedal

SPEKTAKULÆRT: Basehopperane i Gudvangen hiv seg utfor eit stup på nesten ein kilometer. Reporter: Thomas Lerdahl Foto: Ole André Rekkedal og Falkeblikk AS Redigering: Ole André Rekkedal