Hopp til innhold

Ordførar trekkjer seg frå styreverv

...i neste generalforsamling.

Nils Gjerland
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Førde-ordførar Nils Gjerland seier han kjem til å trekkja seg frå styret i Sunnfjord Energi under neste generalforsamling.

- Eg sit til det er ei ny generalforsamling neste vår.

- Kva skjer då?

- Då har eg ikkje ambisjon om å sitja lenger.

- Då trekkjer du deg?

- Ikkje nødvendigvis på grunn av dette, men av meir prinsipielle årsaker.

Bør halda prinsipiell avstand

Gjerland har lenge meint at han og andre ordførarar ikkje bør ha for mange styreverv.

- Eg har jo lenge meint reint prinsipielt at ordførarar bør halda ein viss avstand til slike styrerom, seier han.

I nyheitene mandag morgon presenterte Frp kravet om at Gjerland burde trekkja seg frå styret i Sunnfjord Energi:
- Gjerland må gå

Meiner Gjerland braut avtalen

Førde Frp gav frå seg ein plass i formannsskapet, mot at dei skulle få styreplassen i Sunnfjord Energi. No meiner dei Gjerland braut avtalen.

Utover dagen kom det fram at det var BKK som vraka Frp:
BKK vraka Frp i Sunnfjord Energi

Fylkesleiar Knut M. Olsen i Senterpartiet seier han kan sjå kvifor enkelte meiner det var uklokt av Førde-ordførar Nils Gjerland å takke ja til styrevervet i Sunnfjord Energi.

Forstår at spørsmålet kjem

Gjerland meiner sjølv at han ikkje har brote nokon avtale, all den tid han faktisk stemte på Frp-kandidaten under generalforsamlinga.

- Men at eg lot dei fremja meg som kandidat, kan ein sjølvsagt setja spørsmålsteikn ved, vedgår han.

Mandag kveld møter Gjerland toppane i KrF, Frp, Høgre og Venstre for å drøfte den omstridde saka.