NRK Meny

Ordførar sjikanert

Årdal-ordførar Arild Ingar Lægreid og andre sentrale Ap-arar har mottatt hets og sjikane i samband med den betente helsehus-saka i industrikommunen. Det skriv Sogn Avis i dag. Ifølgje avisa tikka grov hets- og trugsmål inn på ordføraren sin telefon i går tidleg, før formannskapet i Årdal vedtok å gå vidare med planane om helsetunet. Lægreid seier til avisa at han toler mykje, men at hetsen pregar han.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar