Hopp til innhold

Ordførar sint på minister og SFT

Ordførar i Gulen, Trude Brosvik, er misnøgd med både SFT og miljøvernministeren etter Vest Tank-ulukka.

Ordførar i Gulen, Trude Brosvik.

Ordførar i Gulen, Trude Brosvik, er misnøgd med både SFT og miljøvernminister Erik Solheim.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Brosvik meiner at miljøvernminister Erik Solheim ikkje følgt opp løfta han kom med i sommar under det lukka møtet med innbyggjarane i Gulen.

- Han innfridde dei fleste krava våre munnleg. No må han vise at det blir følgt opp også i praksis, seier Brosvik.

Lova ny ordning

Miljøvernministeren lova mellom anna ei ordning om å inspisere farlege skipslaster som kjem til norske hamner. Departementet har ei arbeidsgruppe som jobbar med saka, men Brosvik meiner det går for seint. Vidare krev ordføraren kompensasjon for belastninga som Gulen-samfunnet har lidd. Fleire hundre fekk til dels store helseplager etter ulukka.

- Det er eit viktig område og han som både miljøvernminister og utviklingsminister må vere oppteken av at vi tek vare på miljøet og at vi ikkje er med på å føre vidare dårleg olje til fattige land i Afrika, seier ho.

- Bad om orsaking

Regjeringa har så langt ikkje vore tilgjengelege for kommentarar, men miljøvernministeren orsaka i NRK Brennpunkt i går at Gulen samfunnet har fått for dårleg oppfølging .

- Vi reiste til Gulen og bad ordførar Trude Brosvik om orsaking på Staten sine vegner. Vi handterte ikkje dette på same måte som vi ville gjort om det skjedde i indre Oslofjord eller på bryggja i Bergen, sa han.

Krev millionar

Brosvik meiner at Gulen-samfunnet sit att med lite etter at Solheim vitja Sløvåg og krev fleire millionar i kompensasjon.

- Det er ei sak som er påført oss av storsamfunnet. Det blir ikkje teke ordentleg tak og rydda opp i det. Då må dei stille opp med desse midlane slik at vi kan komme inn att i ein god spiral, seier ho.

Misnøgd med SFT

Ordføraren er vidare misnøgd med at SFT framleis ikkje har klargjort kva som er på tankane etter ulukka. SFT tok ikkje eigne prøvar av avfallet, trass i lovnad om skjerpa kontrollar. SFT direktør Ellen Hambro avviser at dei har halde attende informasjon som kan ha betydning for helsa til innbyggjarane i Gulen. Ho seier at dei har vore opptekne av å dele informasjon med styresmaktene, og at dei vil hjelpe Helse Vest i det vidare arbeidet.

Leiar for helseundersøkinga, Bjørg Eli Hollund, seier derimot at dei ikkje har motteke den taushetsbelagte informasjonen frå SFT.