NRK Meny
Normal

Ordførar optimist etter oljemøte

Det blir ikkje færre arbeidsplassar i oljenæringa i Flora og heile fylket i framtida. Det var beskjeden frå Statoil til Flora kommune under møtet deira måndag.

FJORD BASE - FLORØ

URO: Dersom Statoil flyttar frå Florø vil det få store ringverknader for ei rekkje underleverandørar.

Foto: Photographer HARALD M. VALDERHAU / Harald M. Valderhaug

Før helga kom nyheita om at Statoil sitt effektiviseringsarbeid kan få store følgjer for Saga Fjordbase i Florø. I verste fall kan halvparten av basen slik den er i dag ryke når oljeselskapet vil forsyne alle plattformene frå Mongstad. Det vil seie omlag 250 arbeidsplassar.

– Mørke skyer har letta

Bengt Solheim-Olsen

LETTA: Ordførar i Florø, Bengt Solheim-Olsen, er optimist etter dagens møte.

Foto: Bård Siem (MMS-foto) / NRK

Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen seier at det lettar litt på humøret at framtida ikkje ser så svart ut som det kunne framstå då nyheita vart kjend.

– Dei seier direkte at sysselsetjingsnivået i regionen skal vere på nivå med dagens. Det gir meg ei god forsikring at dei mørke skyene som har hengt over oss dei siste dagane, kan lette litt.

Han er likevel ikkje strålande nøgd med at den førebelse konklusjonen Statoil har kome til.

–Men det gir mogleg til gjennom vidare dialog og vise oss fram som det beste alternativet på fleire felt enn røyr og subsea.

Trur det er store moglegheiter

Statoil har siste året arbeidd med å effektivisere seglingsmønsteret mellom installasjonane på sokkelen og statoilbasane på Ågotnes, Mongstad, Dusavik og Florø. Intensjonen er at Florø skal drive med rør, Mongstad skal ha driftsforsyning og Ågotnes subseaaktiviteten.

– Vi har hatt god dialog og Statoil har forsikra oss om at det er store moglegheiter for petroleumsaktivet i framtida. Men dei stadfestar at forslaget deira per i dag, er å leggje all forsyningskapasiteten til Mongstad, seier ordføraren.

– Kva vil de i kommunen gjere no?

– Vi må gå i tett dialog med næringa, fylkeskommunen og andre aktørar og leggje strategi for den vidare dialogen med Statoil. Eg ser på Statoil som positiv i forhold til å utvikle base og petroleumsmiljøet i Florø og fylket vidare inn i framtida.

– Føler du deg trygg på at oljebasen vil ha likt tal på tilsette i framtida?

– Eg har veldig trur på at det blir resultatet. Utgangspunktet som Statoil kjem med er ikkje det vi hadde håpa på, men eg trur vi klarer synleggjere at Statoil treng ein viss forsyningsaktivet i Florø. Vi håper dei også vil halde fram med å byggje opp kompetanse innan subsea og røyr som vi er store på i dag, seier Solheim-Olsen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.