Hopp til innhold

– Siste ord er ikkje sagt om lensmannskontoret

Aurlendingane har ingen planer om å gi opp lensmannskontoret utan kamp. – Vi vurderer nøye å klage på vedtaket, forsikrar ordførar Noralv Distad (H).

Noralv Distad

KJEMPAR: Ordførar Noralv Distad (H) forsikrar at siste ord ikkje er sagt om lensmannskontoret i Aurland.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Frida Melvær argumenterer

AKSEPT: Ordførar i Askvoll, Firda Melvær (H), seier organiseringa er i tråd med det HAFS-kommunane har ynskt. – Vi har fått ein dediktert og inkluderande lensmann, så det vi ber om er å få politi tilgjengeleg på kommunehuset, seier ho.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det er stor skuffelse i Sogn og Fjordane etter at politidirektør Odd Reidar Humlegård i dag presenterte si endelege organisering av politiet.

Totalt blir 126 tenestestadar fjerna frå politikartet, 11 av desse i Sogn og Fjordane. I staden blir det oppretta tre lensmannsdistrikt, med 11 lensmannskontor og ein politistasjon.

Hallvard Oppedal

LITT NØGD: Gulen-ordførar Hallvard Oppedal er nøgd med at Gulen, Solund og Masfjorden får lensmannskontor på norsida av Fensfjorden. – No får vi sjå kva kontor vi får. For oss er det viktig at det blir eit oppmøtekontor, og ikkje berre eit underkontor betjent frå Knarvik, seier han.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi har gode argument for å behaldelensmannskontoret vårt, og det opplever vi ikkje er tilstrekkeleg vurdert. Ein klage er høgst aktuelt, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad (H).

Har stort behov

Enkelte ordførarar er meir budde enn andre på at lensmannskontoret vil forsvinne. Det viser ei ringerunde som NRK har gjort i Sogn og Fjordane. Men få er meir klare på å klage enn Distad i Aurland.

Mathias Råheim

BØR KLAGE: Mathias Råheim (H) meiner politikarane bør vurdere å klage på nedlegginga av lensmannskontoret i Gaular.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Han meiner risikovurderinga i Aurland er mangelfull. Distad meiner kommunen har stort behov for ein lokal politiberedskap og er klar på at han vil klage innan fristen 10. mars.

– Det er peika på cruisehamn og reiseliv, men det er ikkje gått grundig inn i det. Gjennomganstrafikken er omfattande, vi har Flåmsbana, delar av bergensbana, kraftstasjonar og krevjande natur, seier han.

Når heile fylket

Oddmund Klakegg

SKUFFA: Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) er skuffa, men ikkje overraska, over at lensmannskontoret blir lagt ned.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I Jølster er ikkje ordførar Oddmund Klakegg (Sp) nøgd med å miste eit lensmannskontor som har vore i kommunen sidan 1602.

Ordføraren viser til at kommunen ikkje berre har 3.000 innbyggjarar, men også er eit viktig trafikknutepunkt der E39 og riksveg 5 møtast.

Han seier at dei no vil sjå på andre måtar å oppretthalde politifunksjonar i Jølster.

Arild Ingar Lægreid

USIKER: Arild Ingar Lægreid (Ap) i Årdal meiner politikarane bør vurdere å klage på vedtaket. – Men eg trur prosessen er komen så langt at eg er usikker på om det er hjelp i å klage, seier han.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Frå Skei når ein 60 prosent av innbyggjarane i fylket på ein time. Legg ein til ein time når ein også inn i Sunnmøre og Hordaland, seier han.

Teikna og vedteke

Årdal-ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) skildrar dagen som ein trist dag.

Som mange fleire ordførarar, har han inntrykk av at kartet vart teikna og vedteke utan å ta omsyn til innspela frå kommunane.

Ordførar i Luster Ivar Kvalen.

LITE ENDRING: Ordførar i Luster, Ivar Kvalen (Sp), fryktar at det på sikt blir vanskelegare å rekruttere politifolk til å busetje seg i kommunen. – Det er ei tryggheit å ha politifolk, anten i svil eller aktiv teneste, i kommunen, seier han.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Det har vore ein lang prosess, der vi har spelt inn skriftleg både før og under høyringa og vi har kontakta kontoret til politidirektøren. Men eg føler at ikkje noko blir teke til, seier han.

Nøgd politimeister

Lokallagsleiar Kjetil Rekdal i Politiets Fellesforbund Vest deler uroa for organiseringa.

Sjølv om politmeister Kaare Songstad meiner nye arbeidsmåtar, form og verktøy skal gi meir mobilt politi.

Stein Robert Osdal (KrF), ordførar i Selje.

AKSEPT: – Vi håpar på ein dedikert politikontakt, som vil ha faste kontordagar og som jobbar tett opp mot innbyggarar, kommune og lag- og organisasjonar, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal (Krf).

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det viktige for oss er at hovudtyngda av dei tilsette kjem ut i dei geografiske driftseiningane. Så er vi uroa for at vi ikkje er nok tilsette til å levere den kvaliteten som er venta av oss når vi no skal opprette både funksjonelle og geografiske einingar i den nye strukturen, seier Rekdal.