Innbyggjarar er leie av vindstengd bru

Rugsundbrua i Bremanger skal knyte kommunen saman, men er altfor mykje stengd, meiner folk i kystkommunen.

Vindmålar Rugsundbrua

MÅLAREN: Denne vindmålaren på Rugsundbrua er avgjerande for når brua er open.

Foto: Arve Solbakken / Firdaposten

– Det kan ikkje vere slik som det er no, det går ikkje, seier ordførar i Bremanger Anne Kristin Førde (Ap).

I orkanen som trefte Nordfjord i går, var både Måløybrua på riksveg 15 og Rugsundbrua på fylkesveg 616 stengde. Tusenvis av bilistar vart råka.

Lokalt meiner mange at Rugsundbrua stengjer for tidleg, og at trafikken toler meir vind. Bremanger kommune etterlyser no at vegstyresmaktene tar grep for å halde brua open.

– Sikkerheit er viktig, det handlar ikkje om det, men vi opplever at akkurat det å køyre over brua ikkje har vore risikofylt, seier Førde.

Anne Kristin Førde

VINDFYLT: Anne Kristin Førde (Ap) måtte gi opp å kome seg til ordførarkontoret i Svelgen.

Foto: Privat

Førde seier det å stå i ro og vente kan bli opplevd som meir risikabelt.

– Når ein står på Rugsund-sida må ein vente der det bles aller mest. Ein burde i det minste flytta bommen. På andre sida må ein vente i ein tunnel, utan dekning og oversikt over utsida, seier Førde.

Førde spør om vegbana over brua kan skjermast meir mot vind.

– Det tar 15 sekund å køyre over. Ein burde også kunne skilje mellom bilar, varebilar og lastebilar som vinden tar mest tak i, seier Førde.

Ein av fleire bilar som la seg ut på ein dristig køyretur over Rugsundbrua, onsdag ettermiddag.

TRASSAR STENGING: Enkelte trassar stenging over Rugsundbrua i dårleg vêr (arkivfoto).

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Ordføraren gav opp, andre gav blaffen

Då Førde hadde venta i ein og ein halv time på å kome seg til ordførarkontoret torsdag morgon, gav ho opp. Men ikkje alle let seg stogge av varsel om ei stengt bru.

Politiet opplever stadig vekk at bilistar gjev blaffen og køyrer over den smale brua. Konsekvensen kan vere eit førelegg på 6800 kroner og tre prikkar i førarkortet.

– Det er eit problem at folk gir blaffen i forbodet, meiner Førde.

Rugsundbrua i Bremanger

STENGER OFTE: Rugsundbrua stenger når vindstyrken er over 32 meter per sekund.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Fylkeskommunen: – Det er nasjonale normer som gjeld

Kommunen har skrive brev til Vegvesenet om saka. Men ved nyttår er det Vestland fylkeskommune som tar over ansvaret.

Vegvesenet har ikkje ferdig statistikk som seier kor ofte vegen faktisk er stengt, men seier det varierer veldig frå år til år.

– Det kan vere mogleg å skjerme mot vind, men det er for tidleg å seie, seier seksjonsleiar i Vestland fylkeskommune, Eivind Yttri.

– Er det realistisk å justere stengingskrava?

Eivind Yttri

UROA: Seksjonsleiar i Vestland fylkeskommune, Eivind Yttri.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er ein norm for heile landet for når ei bru skal stengast, seier Yttri, som er uroa over at somme trassar stengingar.

– For enkelte vil det kunne gå bra, medan andre kan få store problem i så kraftig vind.

Anne Kristin Førde vonar at noko kan gjerast.

– Dette går utover ikkje berre kommunen sine tilsette, men også næringslivet.