Kårstadsteinen med unike helleristningar vart send frå Utvik til Bergen for at den skulle bli betre sikra. Men på museet i Bergen har kulturskatten stått bortgøymd i ni år. I tillegg er steinen blitt tilgrisa av taggarar som har spraya den med grøn maling - sjå "Helleristningsstein vart tagga".
Reaksjonane har ikkje lete vente på seg. Fylkeskommunen og tidlegare fylkesdirektør for kultur, Lidvin Osland, er sjokkerte over behandlinga steinen har fått, sjå "- Kårstadsteinen må tilbake ".
Sensasjonelt
- Eg syns det er nærast sensasjonelt at Bergen Museum - fullt av amanuensar og professorar - kan handtere kulturminne på denne måten, seier Støyva.
Også Støyva meiner ekspertane har gjort ein for dårleg jobb. Han vil no gå i dialog med fylkeskommunen for å sjå kva dei kan gjere med steinen som står bortgøymd i hagen på Bergen Museum.
Kulturminnelova seier at næraste museum skal ta vare på eit kulturminne dersom det ikkje blir godt nok ivaretatt der det høyrer heime. No tek Støyva til orde for at lova bør endrast.
Kårstadsteinen før han vart tilgrisa av taggarar - foto Bergen Museum.