NRK Meny
Normal

– Vi kan ikkje aksepterer å vere utan biltransport til omverda i lang tid

Ordførar Ole Gunnar Krakhellen (H) i Solund håpar ferjekaien på Krakhellen kjem i drift att så snart som råd etter brannen onsdag.

Ferjesambandet Krakhella - Rutledal vart onsdag ettermiddag sett ut av spel etter at det byrja å brenne i heishuset ved kaien på Krakhella.

SJÅ VIDEO: Heisehuset på ferjekaien på Krakhella brann heilt ned onsdag. Statens vegvesen håpar å ha sambandet i drift att torsdag morgon. FOTO/REDIGERING: Randi Cecilie Odéen/Steinar Lote (NRK)

Ole Gunnar Krakhellen

ORDFØRAR: Ole Gunnar Krakhellen (H) er ordførar i Solund.

Foto: Kristján Logason / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ein mellombels passasjertransport er i gang med å handtere passasjerane som onsdag ettermiddag skulle følgt ferja på sambandet Krakhella – Rutledal.

Grunna brann på heisehuset får ikkje ferja leggje til kai.

– Vi snakkar timar, framfor døgn og veker for å seie det slik, seier ordførar Ole Gunnar Krakhellen (H) om kor lenge øysamfunnet kan klare seg utan sambandet.

Håpar på løysing

Det er førebels uvisst kor lenge ferjesambandet vil vere ute av drift.

Brann på ferjekaien i Krakhella.

VANLEG: Audun Borlaug seier det er eit naturleg følgje av brannen at kaien legg seg i fjorden.

Foto: Randi Cecilie Odéen

Prosjektleiar for ferjekai vedlikehald i Statens vegvesen, Audun Borlaug, seier dei at sambandet i beste fall kan vere i drift att frå i kveld.

– Dersom det berre er heisehuset, som vi til no har opplysningar om, så er dette ein kurant sak å få i gang igjen. Men vi veit førebels lite om andre skader på kaien, seier han.

Får følgjer for verft

Svein-Tore Eide hos Solund Verft er ein av mange næringsdrivande som kan bli råka av brannen.

Brann på ferjekaien ved Krakhellen.

DRAMATISK: Det var synlege flammar og godt med røyk då heisehuset på Krakhella ferjekai gjekk opp i flammar onsdag.

Foto: Anna Krakhellen

Ettersom omfanget førebels er ukjent, vil han ikkje spekulere i kor store dei blir.

– Men vi har til dømes folk frå tre underleverandørar på veg i kveld. Medan persontrafikken går, så blir det vere med leveransar av deler. Slik sett er det klart at dette vil bremse dei jobbane vi har, seier Eide.

Har alternativ

Statens vegvesen har eit beredskapsaggregat på veg frå Leikanger til Krakhella. Dei håpar det vil vere nok til å få sambandet i drift att.

Brann på ferjekaien på Krakhella.

TOTALSKADD: Heishuset vart totalskadd i brannen.

Foto: Randi Cecilie Odéen

Ordførar Krakhellen seier han vil høyre med fylkeskommunen og Statens vegvesen om kva moglege løysingar ein kan få på plass.

– Dersom tek lang tid så må sjå på andre ferjesamband vi har, som Daløy – Haldorsneset lenger vest i kommunen. Det kan kanskje vere mogleg med ei kriserute dit, men det vil sikkert bli nær dobbelt så langt, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser