Hopp til innhold

Ordføraren gret og skreik då VM-gullet var eit faktum

Ordførar i Vik, Marta Finden Halset, finn nesten ikkje ord etter at Ann Kristin Aafedt Flatland frå Vangsnes tok VM-gull i stafett i Nove Mesto fredag.

Halset og Flatland

I HUNDRE: Marta Finden Halset er storleg imponert over VM-gullet til Ann Kristin Aafedt Flatland.

Foto: Stian Lysberg Solum / Vik kommune/NTP Scanpic

– Vi både gret, skreik og ropte i sofaen der vi sat. Dette var stort og berre heilt fantastisk. Kjempeflotte jenter, alle fire, jublar Vik-ordførar Marta Finden Halset.

Ho legg ikkje skjul på at ho er utruleg stolt over at jenta frå Vik i Sogn no kan smette nok ein VM-medalje rundt halsen, denne gongen av gull.

– Dette er fantastisk. Eg har ikkje ord, så flott er det, seier Halset.

Gir ros til skiskyttarmiljøet

Ho rosar det aktive skiskyttarmiljøet i Vik der det spirer og gror i spora bak Ann Kristin Aafedt Flatland.

– Det er eit flott miljø og kultur. Eg må berre rette ei takk til alle desse fantastiske eldsjelene som står på heile tida for å gjere dette mogleg, seier Halset.

Ho held fram at Flatland er ein flott ambassadør for den vesle bygda ved Sognefjorden.

– Det betyr mykje å ha ein så flott ambassadør. Eg tek av meg hatten for ho. Tenk, det er ikkje meir enn ni månader sidan ho fødde. Medan andre er i ammetåka, er ho i VM-tåka, seier Halset.

Er imponert

– At ho har komme seg i ein slik form så fort, er heilt utruleg. Eg har ikkje ord. Det er berre fantastisk. Det fortel at ho har ein styrke og vilje, og at ho er fantastisk, seier Halset.

Ho lovar å gjere stas på skiskyttaren når ho kjem til Vik ved høve.

– Det er klart vi skal gjere stas på henne. Det er sikkert ei stund til ho kjem hit, så vi får nok tid til å planleggje noko. Det er klart at VM-gull skal feirast, seier Halset.