Hopp til innhold

Har jobba 36 år på Selje hotell

– Akkurat når eg har komme meg frå det første sjokket, så kjem neste sjokk, seier Arvid Hamre.

Arvid Hamre, Selje

I SJOKK: Arvid Hamre jobba 36 år ved Selje hotel. Han er i sjokk etter at tre har blitt sikta etter brannen på Selje hotell.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Dagleg leiar og styreleiar er sikta etter hotellbrannen i Selje. For innbyggarane i bygda var brannen eit hardt slag. Det har også dei nye siktingane i saka vore.

– Dagane etter brannen har vore veldig, veldig tunge. Når du nettopp har komme over det verste, så får du eit slikt sjokk. Eg trur det kjem til å sitte i ganske lenge, seier Arvid Hamre, som jobba i årevis i resepsjonen på hotellet.

Han tykkjer det er uverkeleg at politiet har sikta nokon for å ha stifta brannen med vilje.

– At nokon kan gjere slike ting med vitande vilje, er heilt uverkeleg seier Hamre.

Branntomta i Selje

TOTALSKADD: Brannen på Seljehotel har blitt lagt merke til i heile landet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Håpar hotellet kan få nytt liv

Romfløya er totalskadd, men inngangspartiet og resepsjonen der Arvid Hamre hadde arbeidsplassen sin står framleis.

– Vi ser fasaden, med den flotte rullesteinen. Dersom det blir bygd opp att, kan det kanskje bevarast som det er, håpar Hamre.

Hamre jobba dei fleste åra for Gerd Kjellaug og Harald Berge, som dreiv hotellet frå 1976 til 2014.

– Hotellet har vore ein fantastisk bra arbeidsplass. Det var sjølvsagt endringar med nye eigarar, men eg bestemte meg for å halde fram i den anda eg har jobba med før. Eg har hatt eit godt forhold til hotellet heile tida. Så det er veldig trist å sjå korleis det ser ut no, seier Hamre.

– Hotellet er livsnerven i bygda. Det må vi ha.

Var redd for eitt nytt Lærdal-scenario

– Det var ganske tøft å høyre det. Å tenke at det er folk som kan vere skuldige i dette, og tenke på kva som kunne skjedd, i dårleg vêr og vind. Vi kunne fått same scenario som i Lærdal, seier Roar Halsør.

Halsør driv den lokale butikken.

Roar Halsør

BUTIKKEIGAR: Roar Halsør driv prix-butikken i Selje. Han håpar lokalsamfunnet kan samle seg om hotellet att i framtida.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det viktigaste no, er at hotellet kan leve vidare, meiner han.

– Det er så mange som trur på Selje. Eg trur fellesskapet kan bidra her, og samle seg om eit hotell vi absolutt må ha i bygda.

Også ordførar i Selje, Stein Robert Osdal, opplever at folk i kommunen er sinte og provoserte etter at politiet sikta tre for brannstifting.

– Gerd Kjellaug og Harald, dei tidlegare eigarane har lagt ned arbeid her i nesten 40 år, og så blir det øydelagt på ein slik måte. Det gjer at folk blir sinte og provoserte. Men det er viktig å vere kloke no. No får rettsprosessen gå sin gang, og så får vi ha fokus på at hotellet skal kome opp igjen, seier ordføraren.