Hopp til innhold

Ordførar i hardt vêr etter avtalebrot

Det politiske samarbeidet i Vågsøy er sett på ei hard prøve etter at ordførar Kristin Maurstad braut avtalen med dei andre partia i ei betent skulesak.

Kristin Maurstad

FÅR KRITIKK: Kristin Maurstad (Ap) må tole sterke ord frå politiske kollegaer i Vågsøy etter at ho gjekk frå avtalen om å støtte ei utbygging av to barnehageavdelingar i Holvik.

Foto: Trond Vestre / NRK

Då kommunestyret i Vågsøy denne veka vedtok å byggje ut to barnehageavdelingar i bygda Holvik, var det mot ordføraren si røyst. No må ho tole kjeft frå mellom andre gruppeleiar i Frp, Hogne Bleie.

– Eg reagerer med vantru på at ein ordførar kan vere så lite rakrygga i forhold til ein avtale som blei inngått for eit halvt år sidan som gjorde ho til ordførar i ein av dei største kommunane i Nordfjord. Det er for meg heilt ubegripeleg, seier Bleie til NRK.

Stridens kjerne er Holvik skule. Kristin Maurstad blei ordførar etter forhandlingar der ho lova å behalde skulestrukturen i Vågsøy slik den er i dag.

Eit fleirtal på 14 mot 13 i kommunestyret vedtok å oppretthalde skulen. I mindretalet var altså ordførar Kristin Maurstad og Frode Kupen frå Ap. Kupen trakk seg som gruppeleiar før møtet, og Tove Lill Refvik Volle har overteke.

Holvik skule i Vågsøy

STRIDENS KJERNE: Holvik skule i Vågsøy.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Forventar oppvask i Ap

Det var Fjordenes Tidende som først hadde nyheita om politisk bråk i Vågsøy.

Kva konsekvensar det kan få for samarbeidet vidare i kommunestyret, vil ikkje Hogne Bleie gå inn på no. Men han legg ikkje skjul på at han er særs misnøgd med at Kristin Maurstad gjekk imot utbygginga i Holvik.

– At ein ordførar og den tidlegare gruppeleiaren skulle bryte med ein avtale så kort tid etter, og med så store konsekvensar det kunne fått for ein skule, ein barnehage og heile det politiske samarbeidet er for meg heilt uforståeleg. Sjølve oppvasken på dette reknar eg med skjer internt i Arbeidarpartiet, slår Bleie fast.

Hogne Bleie

SÆRS KRITISK: Hogne Bleie frå Frp legg ikkje skjul på kva han meiner om ordføraren si røystegjeving.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Måtte revurdere

Sjølv hevdar Maurstad at ho har sitt på det tørre, og blei nøydd for å røyste slik ho gjorde ut frå kva ho meiner er ansvarleg politikk.

– Eg som ordførar er nøydd for å sjå heilskapen økonomisk. Eg klarte ikkje å stå inne for at det ville vere berekraftig å gjennomføre dei tiltaka som det andre forslaget ville innebere. Eg måtte revurdere det eg har meint tidlegare. Eg måtte rett og slett la det økonomiske ansvaret føre ein politisk avtale.

– Vil du no lojalt følgje opp fleirtalsvedtaket om utbygging i Holvik?

– No blei det fleirtal for å byggje ut i Holvik, og no skal vi sjølvsagt jobbe for det. Samtidig veit vi at kommunen ikkje har betre økonomi enn det vi treng, og vi skal byrje å betale på ein dyr, ny ungdomsskule.