NRK Meny
Normal

Ordførar frustrert over budsjettet

Budsjettet for Vågsøy kommune skapar bruduljar i lokalpolitikken. Høgre-ordføraren er lei av at politikarkollegaene skubbar budsjettproblema framfor seg.

Ordførar i Vågsøy, Morten Hagen (H)

FRUSTRERT: Ordførar Morten Hagen i Vågsøy er oppgitt. Han meiner mange andre parti skubbar dei økonomiske problema til kommunen fram i tid.

Foto: NRK

Nyleg vedtok fleirtalet i kommunestyret eit budsjett som Høgre-ordførar Morten Hagen fryktar ikkje vil bli gjennomført i praksis.

Dette skjer fordi fleirtalet skubbar problema framfor seg, meiner Hagen. Han fryktar at dei økonomiske problema skal bli endå større i framtida.

– Dette er eit resultat av at fleirtalet i politikken ikkje har evne til å ta inn over seg dei utfordringane vi har, seier Hagen til NRK.no.

Lei runddans om skulane

Vågsøy kommune er i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon, og framtida til skulane har fleire gonger vore diskutert.

Ordførar Morten Hagen er no lei den evige runddansen om skulane i kommunen, han meiner mange andre parti skubbar problema framfor seg.

For sjølv om fleirtalet i kommunestyret har vedteke eit budsjett som økonomisk legg opp til skulenedleggingar, kan politikarane snu nok ein gong når endeleg avgjerd skal fattast i ei eiga sak til våren.

Eit slikt eige nedleggingsvedtak er det etter lova krav om.

– Konsekvensen blir at dei økonomiske utfordringane blir større og større, sukkar ordføraren.

Vedgår at dei utset problema

Ordførarpartiet Høgre fekk i år ikkje gjennom sitt budsjett i Vågsøy. I framlegget frå Senterpartiet, Framstegspartiet og Bryggjalista som gjekk gjennom, ligg det ifølgje Fjordenes Tidende framleis kutta i skular. Men det blir ikkje konkret sagt at skulane Bryggja og Holvik faktisk skal leggjast ned.

Gruppeleiar for Senterpartiet, Reiel Fagerlid varslar at han trass store vedtekne innsparingar, neppe vil støtte nedleggingar.

– Vi skubbar nok problema framfor oss, men det er ikkje berre skule vi treng meir pengar til. Det gjeld like mykje dei andre sektorane i kommunen som treng pengar, seier Fagerlid.

Kan bli stogga av Fylkesmannen

Og dette er ikkje det einaste teiknet til kaos. Alt før budsjettet vart vedteke varsla rådmann Tone Holvik at budsjettet neppe blir godkjent av Fylkesmannen. Årsaka er at det ikkje er sett av nok pengar til at kommunetilsette som må slutte får løn i oppseiingstida.

Fagerlid i Sp meiner ein må vente før ein veit korleis dette blir.

– Det er ikkje heilt sikkert at Fylkesmannen ikkje godkjenner budsjettet. Vi har håp om at det skal bli godkjent, seier Sp-politikaren.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.